DS «Thirlmere» (kallesignal MHGT) var eit dampskip bygt i 1904 som lasteskip for Palatine Shipping Co. i Manchester i Storbritannia. Seinare vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab og omdøypt «Saturn».
Historie Skipet vart bygd ved A. Rodger & Co i Port Glasgow i Storbritannia og vart levert i februar 1904. I 1906 vart det overført til The Watson Steam Ship Co. i Manchester.
I februar 1912 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) skipet og det vart omdøypt «Saturn». Prisen var 240 056 kroner..
I oktober 1916 var skipet på veg frå Liverpool til Narvik med bomull og stykkgods då skipet vart stogga med varselskot av den tyske ubåten «U 57» med kapteinløytnant Carl-Siegried Ritter von Georg. Skipet var då godt vest av Shetland og nord for Skottland ved 60.04' N 05.07' W. Besetninga gjekk frå borde og vart redda av den svenske DS «Bris». Skipet vart så skoten i senk.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 999 brt, 592 nrt og lasteevna var 1660 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2571 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Oppgjeven yting var NHK 130 IHK 700 iHk (indikerte hestekrefter) og 153 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop knop.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Britiske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:Britiske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Glasgow Kategori:Skip frå 1904 Kategori:Krigsforlis i 1916 Kategori:Forlis i Atlanterhavet Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar i første verdskrigen