Elektronisk rock er ein musikksjanger som omfattar ein kombinasjon av rock og elektronisk musikk, med instrument som ein typisk finn innanfor begge sjangrane. Stilen oppstod seint i 1960-åra, då rockeband som The United States of America, White Noise og Gong byrja å nytte elektroniske instrument i rocken sin. Andre artistar som var tidleg ute med å blande synthesizerar og musique concrète-teknikkar med rockeinstrumentering var mellom andre Silver Apples, Fifty Foot Hose, Syrinx, Lothar and the Hand People, Beaver & Krause og Tonto's Expanding Head Band.

I 1970-åra dukka tyske «krautrock-band» som Neu!, Kraftwerk, Can og Ash Ra Tempel opp og utforska grensene til rocken ved å bruke elektroniske instrument. Sidan seint i 2000-åra har elektronisk rock vorte stadig meir populært. Elektroniske rockeartistar blandar vanlegvis element frå andre musikkstilar, som punkrock, industriell rock, hip hop, techno og synth-pop, som har skapt ei rekkje undersjangrar som indietronica, dance-punk og electroclash.

Sjå òg Electropop Dance-rock

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elektronisk rock» frå , den 25. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elektroniske musikksjangrar Kategori:Fusionsjangrar Kategori:Britiske rockesjangrar Kategori:USA-amerikanske rockesjangrar