Line Kloster () er ein norsk friidrettsutøvar frå Asker. Ho vart tildelt kongepokalen under NM i friidrett 2016 og er (2024) norsk rekordhaldar i 400 meter hekk. Kloster er medlem i Sportsklubben Vidar.
Aktiv Kloster vart norsk dobbeltmeister på 200 meter og 400 m i 2012 og 2013, samt på 200 m og 400 meter hekk i 2018. Dessutan vann ho NM-gull på 400 meter i 2016 og i 100 meter hekk i 2017. Med tida 23,21 sekund var ho 2018-22 norsk rekordhaldar 200 meter. 3. juli 2022 i La Chaux-de-Fonds sette ho norsk rekord i 400 m hekk med 53,91 sekund. Under EM i friidrett 2024 enda Kloster på sjetteplass i 400 meter hekk.
Personbeste 100 meter: 11,35 – 6. juli 2023, Jessheim 200 meter: 23,03 – 11. september 2022, Zagreb 400 meter: 51,93 – 25. mai 2022, Huelva 100 m hekk: 13,54 – 31. juli 2016, Askøy 400 m hekk: 53,91 – 3. juli 2022, La Chaux-de-Fonds
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Line Kloster» frå , den 20. september 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske sprintarar Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024