Rose of Cimarron er det niande studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1976.

Bakgrunn Den tidlegare Loggins & Messina-saksofonisten og felespelaren Al Garth kom inn i bandet for dette albumet, men slutta kort tid etter på grunn av krangling med bandet. Tittelsporet vart ein av signaturlåtane til bandet, og vart seinare spelt inn av Emmylou Harris på albumet hennar, Cimarron. Det gamle selskapet til bandet, Epic Records, gav ut Poco Live berre ein månad før Rose of Cimarron, som skapte forvirring blant kjøparane og gjorde at Rose of Cimarron selde dårlegare.

Mottaking

I meldinga si for Allmusic, skreiv kritikaren James Chrispell: «Countrypåverknaden er nesten heilt borte, utanom på Rusty Young-songen 'Company's Comin'/Slow Poke'. Det er florte melodiar med fine arrangement gjennom heile plata.»

Innhald

Medverkande Rusty Young – akustisk og 12-strengs elektrisk gitar, mandolin, banjo, Dobro, pedalsteelgitar Timothy B. Schmit – vokal, bass, munnspel Paul Cotton – vokal, elektrisk og akustisk gitar George Grantham – vokal, trommer, pauke

Mark Henry Harman – celeste (1) Milt Holland – perkusjon (1, 6), vaskebrett (5), marimba (6) Tom Sellers – piano, strykearrangement (1) Sid Sharp – konsertmeister (1) John Logan – banjo (5, 8) Al Garth – fele (5, 6, 7, 9, 10), altsaksofon (8) Steve Ferguson – piano (6, 7, 9, 10), elektrisk piano (8) Annie Emery – klapping (5) Jenny Grantham – klapping (5) Jennifer O'Keefe – klapping (5) Doug Rider – klapping (5) Jeddrah Schmit – klapping (5) Noreen Schmit – klapping (5)

Produksjon Produsent: Poco, Mark Henry Harman Lydteknikar: Mark Henry Harman, Doug Rider

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rose of Cimarron» frå , den 12. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Poco-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:ABC Records-album