mini|Det norske juletreet på Trafalgar Square i London, 2008 mini|Skilt framfor det norske juletreet på Trafalgar Square i London, 2008.Foto: Mike Fleming mini|Juletreet frå Oslo ved domkyrkja i Reykjavík, 2008.Foto: Helgi Halldórsson mini|Juletre på veg til Grimsby i 1965, fotografert på kaia i Trondheim.Foto: Ukjent / Trondheim byarkiv mini|Juletreet frå Trondheim på de Dam i Amsterdam, 1974.Foto: Ukjent / Nationaal Foto - Persbureau B.V. / Trondheim byarkiv mini|Juletreet frå Kongsberg utanfor rådhuset i Gouda, ca. 2004 mini|Juletreet frå Frogn på Pariser Platz ved Brandenburger Tor i Berlin, ca. 2008 mini|Juletreet frå Lillehammer utanfor rådhuset i Düsseldorf, 2014 Juletre frå Noreg til andre land er ein tradisjon der ulike stader i Noreg sender juletre i gåve til stader i utlandet.

Fleire norske kommunar, Hordaland fylke og private grupper har årleg sendt eit grantre som gåve til byar og kommunar i andre land. Dette blir gjort som ein gest til venskapsbyar, i takksemd og for å skapa merksemd om Noreg i utlandet. Det best kjende av juletrea som blir sendt frå Noreg er treet som Oslo gjev til London og som blir sett opp på Trafalgar Square.

Skikken tok til etter andre verdskrigen. Først ute var Larvik, som første gong sende juletre til Frederikshavn i Danmark i 1946, deretter sende Oslo tre til London i 1947 og Bergen til Newcastle i 1949.Østlands-Posten: Her løfter de julegrana (22. november 2013, besøkt 7. desember 2016)Dagbladet: Juletreet trenger ikke være hogd i skogen (12. desember 2011, besøkt 6. desember 2016) Alle desse byane sender enno årleg juletre til venskapsbyane sine (per 2016). Det har vore mest populært å senda juletre til Storbritannia og Island, der høvesvis minst 16 og 14 byar eller kommunar har fått juletre i gåve frå Noreg. Også fleire andre land har fått norsk juletre, blant anna har minst åtte byar i Tyskland og fem kvar i Nederland og Danmark i kortare eller lengre periodar fått juletre frå norske kommunar. Oslo har gjennom åra gjeve juletre til minst åtte byar i like mange land, medan Stavanger har gjeve til minst seks byar, dei fleste i Storbritannia.

I seinare år har den vennskapelege eksporten av juletre frå Noreg gått noko ned, i første rekkje på grunn av kostnadene, men òg av omsyn til miljøet og vanskar med frakt. Likevel fekk i 2016 minst 17 europeiske byar tilsendt juletre som gåve frå stadar i Noreg: Aalborg, Aberdeen, Eiði, Frederikshavn, Garðabær, Gouda, Grimsby, Hamburg, Kiel, Kirkwall, London, Newcastle, Reykjanesbær, Sauðárkrókur, Stykkishólmur, Sunderland og Wolfenbüttel. Eit spesielt tilfelle er Kirkwall, der St. Magnuskatedralen kvart år får juletre frå både Hordaland fylkeskommune og Grimstad kommune. Treet frå Hordaland blir sett opp utanfor kyrkja, medan treet frå Grimstad får plass inne i kyrkja. Dei blir tende med éin dags mellomrom.Royal Norwegian Embassy in London: Trees: The Magic Number (13. november 2014, besøkt 8. desember 2016)

Å gje juletre i gåve til byar i andre land er ikkje berre ein norsk skikk. På Island, som ikkje har viltveksande gran, har mange byar fått juletre frå venskapsbyar i Europa. Til dømes gav Cuxhaven i Tyskland og Frederiksberg i Danmark eit tre kvar til Hafnarfjörður i 2000. Same år fekk Kópavogur eit juletre frå venskapsbyen Norrköping i Sverige.Morgunblaðið: Fjöldi skoðaði jólatré og -sveina (12. desember 2000, besøkt 8. desember 2016) Som følgje av omfattande granplanting på Island kunne islendingane sjølv for første gong gje eit juletre i gåve til Tórshavn på Færøyane i 2014.Vårt Land: Da julens tre-enighet nesten brast (12. desember 2015, besøkt 8. desember 2016)