Senhit Zadik Zadik (), også kjend som berre Senhit (tidlegare skrive som Senit), er ein italiensk songar. Ho representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Ho hamna på 16.-plass av 19 bidrag i den fyrste semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen. Senhit skulle ha representert San Marino på nytt i 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Freaky!». 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. Ho skal i staden representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021.
Bakgrunn Senhit er fødd og oppvaksen i Bologna i Italia av eritreiske foreldre. I slutten av tenåra drog ho utanlands til Sveits og Tyskland og spelte i musikalar som Fame, The Lion King og Hair.
I 2002 drog ho attende til Italia for å starte artistkarrieren sin. Ho slapp debutalbumet sitt, Senit, i 2006 og følgde opp med eit nytt album, Un tesoro é necessariamente nascosto, året etter. Blant singlane på albumet var «La mia cittá é cambiata», «La cosa giusta» og «La faccia che ho». I 2009 slapp Senhit sitt tredje album, det engelskspråklege albumet So High. Same år debuterte ho som tv-programleiar for Urban Charts på HIPHOPTV.
I 2011 representerte ho San Marino i Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Düsseldorf. Ho deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai med songen «Stand By». Den gjekk ikkje vidare til finalen, etter å ha hamna på 16.-plass i semifinalen.
Same år slapp ho ein ny singel, «Through the Rain», og i april 2012 følgde ho opp med singelen «AOK». I 2014 var ho fast gjest i sundagsprogrammet Domenica Live på den italienske tv-en-kanalen Canale 5. Ho har òg opptredd på klubbar og småscener rundt i om Europa og USA.
I mars 2020 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren San Marino RTV at Senhit skulle representere landet på nytt i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Ho skulle ha delteke med songen «Freaky!». På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. Ho skal i staden representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Senhit» frå , den 10. januar 2021.
Kategori:Italienske låtskrivarar Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Italienske songarar Kategori:Eurovision Song Contest 2011-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest