Nevena Božović () er ein serbisk songar og låtskrivar. Ho debuterte musikalsk som 13-åring, då ho representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest 2007 med songen «Piši mi». Božović fekk likevel sitt store gjennombrot då ho vart nummer to i den TV-sende talenttevlinga Prvi glas Srbije i 2012–2013.
I 2013 var ho ein del av gruppa Moje 3 som representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2013 med songen «Ljubav je svuda», men trioen vart slått ut i semifinalen. Božović representerte Serbia på ny i Eurovision Song Contest 2019, som soloartist med songen «Kruna». Ho var med det den første deltakaren som hadde delteke i både Eurovision Song Contest og Junior Eurovision Song Contest som soloartist.
Bakgrunn Božović vart fødd og vaks opp i Mitrovica i dåverande FR Jugoslavia, i dag ein del av Kosovo. Ho studerte musikk ved Kunstuniversitetet i Beograd.
I 2007 deltok Božović i songtevlinga Izbor za dečju pesmu Evrovizije, den serbiske finalen til Junior Eurovision Song Contest. Ho vann tevlinga med songen «Piši mi» (skriv til meg), og fekk dimed representere Serbia i den internasjonale finalen i Rotterdam i Nederland. Der enda ho på ein tredjeplass, noko som er den beste plasseringa til Serbia i tevlinga.
I 2012 deltok ho i den serbiske versjonen av The Voice og vart nummer to, berre slått av Mirna Radulović. Året etter utgjorde ho gruppa Moje 3, saman med Mirna Radulović og Sara Jovanović. Gruppa vann songtevlinga Beosong 2013 med songen «Ljubav je Svuda» ('kjærleiken er overalt'). Trioen fekk dimed representere Serbia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Der enda dei på ein ellevteplass i sin semifinale og kvalifiserte seg ikkje til finalen.
I juli 2013 gav ho ut ein ny singel, «Pogledaj me» ('sjå på meg'). Ho var òg ein av fagdommerne i den serbiske juryen i Eurovision Song Contest 2015 i Wien. I 2019 fekk ho prisen for årets alternativ-/elektropop-song under den serbiske prisutdelingen Music Awards Ceremony for låten «Jasno mi je» ('det er opplagt for meg'). Same år deltok ho i Beovizija med songen «Kruna» ('krone'). Ho vann tevlinga og representerte dimed Serbia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.
Diskografi
Singlar 2007 — «Piši mi» 2009 — «Ti» 2013 — «Ljubav je svuda» (som del av gruppen Moje 3) 2013 — «Pogledaj me» 2013 — «Znam da noćas gubim te» 2014 — «Bal» 2015 — «Trebam tebe» 2016 — «Čujem da dolaziš u grad» 2016 — «Siesta» 2017 — «Jasno mi je» 2017 — «Dangerous Drug» 2019 — «Kruna»
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Nevena Božović» frå , den 19. mars 2021.
Kategori:Serbiske songarar Kategori:Serbiske musikarar Kategori:Serbiske Junior Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Junior Eurovision Song Contest 2007-deltakarar Kategori:Serbiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar