Mauricio Andrés Pellegrino Luna () er ein argentinsk fotballtrenar og tidlegare -spelar. Han var midtstoppar med stor suksess i argentinske Vélez Sarsfield og spanske Valencia CF.

Karriere Klubbspel Pellegrino spelte på Vélez Sarsfield frå 1990 til -98. Med klubben frå utkanten av Buenos Aires var han med om å vinne Copa Libertadores i 1994 og fire nasjonale seriemeisterskap. Sesongen 1998/99 vart han spansk seriemeister med FC Barcelona. Frå 1999 til 2004 danna han og landsmannen Roberto Ayala eit solid midtstoppar-par i Valencia CF. Både i 2000 og 2001 tok laget seg til finalen i Meisterligaen. Begge finalane enda med tap, den siste då Pellegrino som sistemann for Valencia missa i straffeskytinga etter ein mållaus kamp. Derimot sigra Valencia og Pellegrino i La Liga 2002 og 2004 og i UEFA-cupen 2004. Han avslutta si tid som aktiv i Liverpool FC og deretter Alavés i 2005-06.

Landslagsspel Pellegrino spelte einast tre landskampar for Argentina, alle i Copa América 1997.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mauricio Pellegrino» frå , den 3. juli 2021.

Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Valencia-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Alavés-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar