Michael Robert Green () var ein engelsk rock and roll-gitarist som spelte med The Pirates (med og utan Johnny Kidd), Billy J. Kramer and the Dakotas og Cliff Bennett and the Rebel Rousers.

I 1980- og 1990-åra spelte Green med mange andre artistar, som Bryan Ferry, Van Morrison, Paul McCartney, Robert Plant og Lemmy, i tillegg til The Pirates, som han fortsette å spele konsertar med til godt inn i 2000-åra.

Mick Green døydde av hjartesvikt 11. januar 2010 på King George Hospital i Ilford i Essex.

27. november 2010 vart det halde ein minnekonsert for han på 100 Club med mellom andre The Animals og The Wilko Johnson Band.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mick Green» frå , den 25. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Pirates - offisiell nettstad

Kategori:Folk frå Matlock i Derbyshire Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Beat-musikarar Kategori:Johnny Kidd & the Pirates-medlemmar Kategori:The Dakotas-medlemmar Kategori:Cliff Bennett and the Rebel Rousers-medlemmar