Veronica Spector Greenfield (), opphavleg Veronica Yvette Bennett, var ein USA-amerikansk songar som skipa jentegruppa The Ronettes i 1957 med den eldre systera Estelle Bennett og syskenbarnet deira Nedra Talley. Bennett fronta gruppa medan plateprodusentem Phil Spector produserte det meste av det dei gav ut. Dei to gifta seg i 1968 og skilde seg i 1972.
Bennett song solo på ei rekkje av hittane til The Ronettes første halvdel av 1960-åra, som «Be My Baby» (1963), «Baby, I Love You» (1963) og «The Best Part of Breakin' Up» (1964). I 1964 lanserte ho ein solokarriere med singelen «So Young». Sidan 1980 har Bennett gjeve ut fem studioalbum: Siren (1980), Unfinished Business (1987), Something's Gonna Happen (2003), Last of the Rock Stars (2006) og English Heart (2016). I 1986 fekk ho eit comeback i karrieren sin då ho var med på Eddie Money-songen «Take Me Home Tonight».
Bennett har blitt kalla den opphavlege «bad girl of rock and roll». I 2007 vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Ronettes.
Diskografi
The Ronettes Presenting the Fabulous Ronettes Featuring Veronica, 1964 The Ronettes Greatest Hits – Volume 1, 1981 The Ronettes Greatest Hits – Volume 2, 1981 The Best of The Ronettes, 1992
Soloalbum Tittel Albumdetaljar Listeplassering USHeat Siren Utgjeve: 1980 Selskap: RCA, Polish Records – Unfinished Business Utgjeve: Mai 1987 Selskap: Columbia/CBS – The Last of the Rock Stars Utgjeve: 8. mai 2006 Selskap: Bad Girl Sounds – English Heart Utgjeve: 8. april 2016 Selskap: 429 6 «—» syner at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista.
Solosinglar
1964: «So Young» (Phil Spector 1) 1964: «Why Don't They Let Us Fall In Love» (Phil Spector 1) 1971: Try Some, Buy Some (Apple 1832) 1975: «You'd Be Good For Me» (Tom Cat YB-10380) 1976: «Paradise» (Warner Spector SPS 0409) 1977: «Say Goodbye To Hollywood» (Epic 8-50374) 1978: «It's A Heartache» (Alston 3738) 1980: «Darlin'» (Polish PR-202) 1987: «Who Can Sleep» (Columbia 38-07082) 1987: «Love On A Rooftop» (Columbia 38-07300)
Bøker Be My Baby: How I Survived Mascara, Miniskirts og Madness (1990)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ronnie Spector» frå , den 26. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:Afroamerikanske rockemusikarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:The Ronettes-medlemmar Kategori:Phil Spector Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar