Tor Øivind Ødegård () er ein norsk tidlegare mellomdistanseløpar frå Trøsken i Sarpsborg. Han vart norsk meister to gongar på 800 meter og tre gongar på 1500 meter.
Aktiv Ødegård vart noregsmeister 1991 og 1994 på 800 m og 1994, 1996, 1998 på 1500 m. Åra 1990-2004 sanka han i alt 11 (2-4-6) NM-medaljar på 800 meter og 5 (3-2-0) på 1500 m.
Ødegård sine personbeste på 800 m og 1500 meter er begge frå sommaren 1997. Under eit internasjonalt stemne i München den 21. juni fekk han sluttida 3,39,8 på 1500 m. Den 5. august gjorde han sitt livsløp då han i kvartfinalen på 800 m ved verdsmeisterskapen i Aten sprang i mål på 1.45,42. I semifinalen makta han ikkje å fylgje opp og enda sist.
Per 2020 held Ødegård sin personlege rekord på 800 meter til tredjeplass på noregs-statistikken, einast hans samtidige, Vebjørn Rodal og Atle Douglas, har sprunge fortare på distansen.
Plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane på 800 m (1.47,83=nr 16) VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøket på 800 m (1.47,07=nr 27)
Kjelder friidrett.no
Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Sarpsborg