«El Diablo» (spansk for 'djevelen') er ein popsong frå 2021 med den greske songaren Élena Tsagrinoú. Songen vart utgjeven 28. februar 2021 av Panik Records, og han er skriven av , , og . Songen var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Etter utgjevinga fekk songen kritikk frå religiøst hald på Kypros, som meinte teksta var støytande og lovprising av djevelen. Songen var blant favorittane før Eurovision Song Contest var halden, men enda til slutt på 16. plass i finalen i Rotterdam.
Om songen «El Diablo» vart vald av den kypriotiske kringkastaren Cyprus Broadcasting Corporation (CyBC) til det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest i 2021. Den er skriven av låtskrivarteamet Jimmy «Joker» Thornfeldt, Laurell Barkar, Oxa og Thomas Stengaard. Låtskrivarane uttala at låten og tittelen handla om å «forelska seg i nokon som er like ille som djevelen».
Songtittelen vart offentleggjord 25. november 2020, medan songen vart utgjeven for strøyming og digital nedlasting 28. februar 2021. Musikkvideoen til songen vart sloppen same dag og vart spela inn i Athen.
Religiøs kritikk mot songen Då songen vart utgjeven, mottok CyBC ei rekkje truande telefonsamtalar, og over 11 000 skreiv under på ein underskriftskampanje mot songen på Avaaz. Kampanjen kravde at Kypros trekte «El Diablo» frå tevlinga. Særleg var tittelen på songen og strofen «I fell in love/ I fell in love/ I gave my heart to El diablo» som vekte harme, og Den ortodokse kyrkja på Kypros meinte songen var støytande, respektlaus og ikkje-representativ for landet. Songen fekk full støtte frå CyBC, regjeringa og fleirtalet av folkesetnaden på Kypros. Regjeringa avviste òg alle krav frå religiøse og konservative grupper, og uttala at ho respekterte åndelige rettar og dessutan retten til fri kunstnarisk utøving og uttrykk.
Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringBelgia (Ultratip Flandern)2Finland (Suomen virallinen lista)6Hellas (IFPI Greece)9Island (Tónlistinn)14Irland (IRMA)60Litauen (AGATA)8Nederland (Single Top 100)31Noreg (VG-lista)13Storbritannia (UK Vert singla)86Sverige (Sverigetopplistan)20
Eurovision Song Contest
Intern utveljing I november 2020 kunngjorde Cyprus Broadcasting Corporation (CyBC) at dei hadde valt den greske songaren Élena Tsagrinoú til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2021 med songen «El Diablo». Før detta hadde Tsagrinoú sjølv kalla Eurovision Song Contest for ein institusjon som ho hadde følgd med på i årevis. Ho la til at om den rette songen vart funnen, ville ho sjå på det som ei ære og glede å delta i Eurovision Song Contest.
I Rotterdam Den 65. utgåva av Eurovision Song Contest fann stad i Rotterdam i Nederland og bestod av to semifinalar tysdag 18. mai og torsdag 20. mai 2021. «El Diablo» og Kypros deltok i den fyrste semifinalen. Der vart songen nummer seks og kvalifiserte seg til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 22. mai. Songen opna finalen og enda til slutt på ein 16. plass med 94 poeng.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «El Diablo (sang)» frå , den 7. desember 2021.
Kategori:Gresk musikk Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar