«Replay» (norsk 'spel om att') er ein song som vert framført av den gresk-georgiske songaren Tamta. «Replay» var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019, der han enda på 13. plass i finalen. Artisten og songtittelen vart offentleggjorde av kringkastaren CyBC 21. desember 2018. Songen er skriven av den svensk-greske låtskriveren Álex «Alex P» Papaconstantínou og vart utgjeven 5. mars 2019.

Eurovision Song Contest

«Replay» var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019, etter at den kypriotiske kringkastaren valde artisten Tamta til å representere landet. Songen vart offentleggjord i februar 2019 og utgjeven i mars.

28. januar 2019 heldt EBU ei loddtrekking for å avgjere i kva for ein av dei to semifinalane songen skulle delta. Kypros vart trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 14. mai 2019. «Replay» var det fyrste bidraget på scena og opna semifinalen. Songen var òg blant dei ti songane som kvalifiserte seg til finalen 18. mai. I finalen vart «Replay» nummer 13 av 26 bidrag.

Listeplasseringar Liste (2019)Høgaste plassering (Eesti Tipp-40) 27 (Digital Singles Chart)2 (AGATA) 21

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Replay (sang)» frå , den 22. desember 2021.

Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar