Tundrasædgås (Anser serrirostris) er ei mellomstor gås i slekta av grå gjæser som hekkar hovudsakleg i Sibir. Nokre par hekkar i Noreg. Ho er ein trekkfugl og overvintrar i Europa og i søraustlege Asia. Tundrasædgåsa er nært i slekt med sædgåsa, dei to artane var tidlegare rekna som ein art.

Skildring Tundrasædgåsa skil seg lite frå sædgås i utsjånad og er marginalt mindre i storleik. Begge er noko mindre enn for eksempel grågås. Tundrasædgås har kroppslengde mellom 68 og 80 cm, vengespenn frå 142 til 160 cm. Hoer har minst kroppsmasse, ligg rundt 2,4 kilogram, hannfuglar veg frå 2 til 3.4 kg. Hovudet og halsen er mørk, sotbrun, oversida mellombrun. Dei øvre vengdekkarane er mørkebrune, som hos tundragås, men skil seg ved å ha smale kvite frynsar til fjørene. Oversida av halen er brun med kvite kantar, undersida av halen er kvit. Elles har fjørdrakta mønster som andre grå gjæser i Eurasia med kvit bakkropp. Nebbet er svart ved nebbrota og tuppen, med eit oransje band over midten; beina og føtene er òg lys oransje.

Den nært nærskylde kortnebbgåsa har lysare, gråblå øvre vengdekkarar, kortare nebb med rosa flekk i midten, og føtene er òg rosa.

Kontaktropet i flukt er høge tostavings tut, «hank-hunk» eller liknande, skarpare enn grågås og litt raskare enn sædgås, men tundrasædgås er skildra som mindre støyande enn andre grå gjæser.

Hekkehabitat ligg i opent våtmark ved innsjøar og elver over tregrensa. Om vinteren beitar dei helst på dyrka mark. Føda i hekketida er gras, storr, urter, om hausten òg bær. Vintertid tar dei restar av avlingar som gulrøter, potet og bønner.

Taksonomi Tundrasædgås og sædgås er anerkjende som separate artar av American Ornithologists' Union og International Ornithologists' Union (IOC), men blir samla sett rekna som ein enkelt art av andre autoritetar. Sædgåsa og tundrasædgåsa divergerte for rundt 2,5 millionar år sidan og etablerte sekundærkontakt for ca. 60 000 år sidan, noko som resulterte i omfattande genstraum.

Tundrasædgås har to underartar: A. s. rossicus, Buturlin, 1933. Denne underarten hekkar på nordrussisk tundra frå Kaninhalvøya austover til Tajmyrhalvøya, mindre hekkebestandar finst òg i Noreg, Sverige og Finland. Overvintrar i Vest- og Sentral-Europa. Dei er mindre enn nominatforma, har stutt mørkt nebb med smalt, oransje band. A. s. serrirostris, Gould, 1852. Populasjonen hekkar frå utlaupet av elva Lena i Russland og aust til Anadyrplatået i Tsjukotka, austlege Sibir. Overvintrar i austre Kina, på Koreahalvøya og i Japan.

I Noreg Om lag 200–415 par av tundrasædgås hekkar i Noreg per 2015, dei fleste i Finnmark, men eit fåtal utgjer ein isolert populasjon på Hardangervidda og ein annan i Troms. Norske hekkefuglar overvintrar stort sett i Sør-Sverige. Nokre svært få individ av tundrasædgås blir observerte vinterstid i Agder og Rogaland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tundra bean goose» frå , den 22. desember 2021. Carboneras, C. og G. M. Kirwan (2020). Tundra Bean-Goose (Anser serrirostris), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.tunbeg1.01

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Andefamilien Kategori:Fuglar i Noreg