Fred-René Buljo () er ein samisk musikar, rappar, joikar og produsent frå Kautokeino i Finnmark. Han er kjend som medlem av gruppa KEiiNO, og før det som medlem i den norsk-samiske rapgruppa Duolva Duottar. Sistnemnde slo gjennom i Nord-Noreg i 2007, og vart nasjonalt kjend året etter, då ho nådde finalen i talentprogrammet Norske Talenter på TV 2.
Sidan Norske Talenter har Buljo turnert i heile Norden og Russland, og jobba både som låtskrivar og liveartist. I 2019 deltok han i Melodi Grand Prix som ein del av gruppa KEiiNO og vann med låten «Spirit in the Sky». I tillegg til Buljo består KEiiNO av Alexandra Rotan og Tom Hugo. I 2021 deltok gruppa på ny i Melodi Grand Prix, med songen «Monument».
Buljo har òg sete som representant på Sametinget for partiet Árja, fyrst som vararepresentant frå 2013 til 2016, og som sametingsrepresentant og parlamentarisk leiar i perioden 2016–2017. I tillegg har han hatt ein sentral plass i utviklinga av nye nasjonale læreplanar i musikkfaget i den norske grunnskulen på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fred-René Buljo» frå , den 28. desember 2021.
Kategori:Samiske musikarar Kategori:Norske musikarar Kategori:Skal vi danse-deltakarar Kategori:Sametingsrepresentantar frå Árja Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Melodi Grand Prix 2019-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2019-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2021-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2021-låtskrivarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-låtskrivarar Kategori:Vinnarar av OGAE Second Chance Contest Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest