thumb|Det tidlegare stasjonsområdet på Åsta mini|Minnesmerke over Åsta-ulukka Åsta er ei bygd i Åmot kommune i Innlandet. Ho ligg ca. 7 km sør for Rena i Østerdalen og er sentrert om elva Åsta sitt utløp i Glomma frå vest. Busetnaden ligg på begge sider av Glomma, med størst konsentrasjon langs Vidar Sandbecks veg på sørsida av Åstaelva. Dei to sidene av Glomma er bundne saman av Glomstadfoss bru. Dette er ei smal hengebru med ei vektavgrensing på halvtanna tonn.Statens vegvesen: Vegliste, bruksklasse − tillatt last og vogntoglengde Riksveg 3 kryssar Åsta på Åsta bru. Den fyrste brua kom i 1903, medan den noverande brua er frå 2014.Innovasjon Norge om Åsta bru . Den tidlegare bruagår parallelt med riksvei 3 og blir brukt til lokaltrafikk.

Det var kampar ved Åsta i aprildagane 1940.

I tidlegare tider blei det drive tømmerfløyting i Åsta, men fløytinga i sideelvene til Glomma blei praktisk talt avvikla tidleg på 1970-talet.

Åsta var 4. januar 2000 åstad for Åsta-ulukka, ein jarnbanekollisjon som tok 19 menneskeliv. Den tidlegare stasjonen ligg nord for Åsta-elva og aust for riksveg 3. Det står eit minnesmerke over ulukka ved ein rasteplass ved avkjøringa til stasjonen, og like ved sida av dette er eit krigsminnesmerke.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Åsta» frå , den 10. januar 2022.

Litteratur

Kategori:Busetnader i Åmot