Drumcliff eller Drumcliffe (irsk Droim Chliabh, tyder 'kammen med korger') er ein landsby i County Sligo i Ireland. Han ligg 8 km (5 miles) nord for Sligo by på vegen N15 på ein låg gruskam mellom fjellet Ben Bulben og Drumcliff-bukta. Landsbyen ligg ved elva Drumcliff, tidlegare kalla Codnach, som renn ut frå Glencar Lake. Den irske diktaren W.B. Yeats er gravlagd i Drumcliff.

Historie Eit eldre namn for Drumcliff er Cnoc na Teagh ('Åsen med huset'). Landsbyen er ein av fleire moglege stader i County Sligo som kan ha vore busetnaden Nagnata vist på Ptolemaios sitt tidlege kart over Irland. Namneet Codnach tyder 'roleg elv'.

Eit gammal topografisk dikt i dindsenchas-tradisjonen, folklore om stadnamn, fortel at korgene i namnet Drumcliff viser til vidjeverk for ein flåte båtar som ein gong blei laga her.

Drumcliff var i den vestlege enden av kongeriket Bréifne (austenden var Kells), og i nordenden av Tir Fhiacrach Múaidhe (Tireragh).

Slaget ved Cúl Dreimhne eller Battle of the Book blei utkjempa i nærleiken av Drumcliff mellom 555 og 561.

Klosteret Heilage Kolumba (Colmcille) skipa eit kloster i Drumcliff rundt 575.. Den fyrste abbeden var heilage Mothorian.

Alt som er att av klosteret i dag er ein irsk høgkross frå rundt 1100, og ruinane av eit rundt tårn frå 900- eller 1000-talet, det einaste ein kjenner i County Sligo. Tårnet blei råka av lyn i 1396. Den noverande kyrkja har krossheller bygde inn i veggane.

William Butler Yeats W.B. Yeats (1865–1939) er gravlagd i kyrkjegarden til St. Columba's Church of Ireland. Yeats døydde i Roquebrune-Cap-Martin i Frankrike i januar 1939, men leivningane hans blei tekne tilbake til Irland av Irish Naval Service og gravlagde att i Drumcliff i 1948. Til stades var store mengder lokale folk og høgstatusfolk som Éamon de Valera og Seán MacBride, som representerte regjeringa. Den kjende epitafen hans, frå diktet «Under Ben Bulben», er:

Cast a cold Eye On Life, on Death. Horseman, pass by.

Oldefar til Yeats hadde vore prest i Drumcliff. Far til William, John Butler Yeats, omtalte han og landsbyen i eit brev til sonen i 1913:

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Drumcliff» frå , den 7. februar 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader i County Sligo