Svartkurle (Nigritella nigra) er ei plante i svartkurleslekta Nigritella i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Utsjånad Svartkurle kan bli vel 20 centimeter høg. Planta har eit kuleform aks med mørkt brunraude blomar.
Systematikk Det har vore diskutert om svartkurle og andre artar i slekta Nigritella skal innlemmast i brudesporeslekta, slik det er gjort i mange klassifiseringer, men ein har i Noreg så langt valt å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt. Mellom anna i Sverige og i Plants of the World Online har ein innlemma svartkurle i brudesporeslekta med namnet Gymnadenia nigra.
Inndelinga av artar i slekta Nigritella har vore omdiskutert. I somme klassifiseringar har planter frå Alpane blitt innlemma som underartar av N. nigra, slik at den nordiske planta er rekna som N. nigra ssp. nigra. Slik opererer ein i tysk klassifisering framleis med underarten N. nigra ssp. austriaca. På same måte blir det hevda at N. nigra kan finnast i Polen (polsk namn ciemnogłów wąskolistny).
Utbreiing Svartkurle er ei svært sjeldan plante som berre finst i Noreg og Sverige. I Noreg er hovudutbreiinga i grenseområdet mellom Innlandet og Trøndelag, med eit par funnstader noko lenger sør og på eit avgrensa område i Nordreisa i Troms. Svartkurle er totalfreda i Noreg og klassifisert på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN). Som ein av svært få artar er han og verna som prioritert art gjennom eiga forskrift.
I Sverige er svartkurle (svensk namn brunkulla) rekna som sterkt truga (EN).
I Tyskland blir N. nigra (tysk namn Schwarzes Kohlröschen) og underarten N. nigra ssp. austriaca (tysk namn Österreichisches Kohlröschen) skildra som ekstremt sjeldne (extrem selten).
Hybridar Svartkurle kan danne ein hybrid med brudespore: brudekurle eller raudkurle (×Gymnigritella runei, [Gymnadenia runei]), endemisk for Sverige (NT)
Dersom ein innlemmar svartkurle i brudesporeslekta Gymnadenia, slik det er gjort i den svenske klassifiseringa, vil hybriden mellom brudespore og svartkurle framstå som ein art i brudesporeslekta, G. ×runei. Når ein, slik Artsdatabanken har gjort, vel å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt, blir dette ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) som får eit eige slektsnamn, ×Gymnigritella:
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Svartkurleslekta