Raudflangre (Epipactis atrorubens) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Utsjånad Raudflangre blir opp mot 60 centimeter høg og har eit smalt aks av mørkt raude blomar med ein gul flekk i midten.

Systematikk I den svenske Artdatabanken er det oppgitt ein underart i Sverige ved sidan av nominatunderarten (ssp. atrorubens): E. atrorubens ssp. triploidea (svensk namn östersjöknipprot)

I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) er det skildra ein underart: Epipactis atrorubens ssp. parviflora A. & C.Niesch.: Spania, sørvestlege Frankrike

Plants of the World Online og WFO – The World Flora Online godkjenner ingen underartar for raudflangre, og den nemnde ssp. parviflora er der rekna som ein eigen art, E. kleinii.

Utbreiing Raudflangre veks i Europa og i vest-Sibir. Arten er knytt til kalkrik (alkalisk) skog. Han veks over store delar av landet, med tyngdepunkt sør på Austlandet og frå Trøndelag til Nordland.

Raudflangre er i raudlistevurderiga 2021 rekna som livskraftig (LC).

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn purpurknipprot), i Danmark (NT, dansk namn rød hullæbe) og i Finland (VU, finsk namn tummaneidonvaippa).

Raudflangre (engelsk namn dark-red helleborine) veks spreidde stader på Dei britiske øyane. I den britiske raudlista er arten frå 2025 oppgradert frå livskraftig til sårbar (VU). Lokalt er han òg livskraftig (LC) i England, men sterkt truga (EN) i Wales. Han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland. I den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC).

I Estland (estisk namn tumepunane neiuvaip) er raudflangre vanleg på øyane og nord på fastlandet, veks noko meir spreidd lenger sør. Han er rekna som livskraftig (LC). I Latvia (latvisk namn tumšsarkanā dzeguzene) er arten ganske vanleg ved kysten og i elvedalane til Daugava og Gauja, men er ellers sjeldan. På den latviske raudlista er han klassifisert med usikker status (kategori 4 – nepietiekami pētītas). I Litauen (litauisk namn tamsialapis skiautalūpis) er arten sterkt knytta til sandhaldig grunn og er ganske vanleg i sanddyner på kysten og langs elvedalen til Nemunas med sideelver i aust. Han er rekna som nær truga (NT).

I Benelux er arten (nederlandsk namn bruinrode wespenorchis, fransk namn épipactis pourpre noirâtre) svært sjeldan i Nederland, for det meste berre i Limburg. I Flandern i Belgia er han òg svært sjeldan, men i Vallonia er han stadvis litt meir vanleg i Ardennane. I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd). I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern, og arten er oppgradert i 2026 frå nær truga til sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU). I Tyskland er raudflangre (tysk namn Braunrote Ständelwurz) rekna som nær truga (NT, Vorwarnliste), likeeins i Polen (NT, bliski zagrożenia, polsk namn kruszczyk rdzawoczerwony).

Hybridar Hybriden mellom raudflangre og skogbreiflangre (Epipactis atrorubens × helleborine ssp. helleborine eller Epipactis ×schmalhausenii) er registrert i Østfold og finst truleg fleire stader i Noreg. Han er kjend frå Sverige, Storbritannia og Polen, medan eit herbarieeksemplar frå Møn i Danmark kan vere feilbestemt. Hybriden mellom raudflangre og myrflangre (Epipactis atrorubens × palustris eller Epipactis ×pupplingensis) er registrert i Sverige, det same er hybriden med snauflangre (Epipactis atrorubens × phyllanthes).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flangreslekta