mini|253x253pk|Kart over området der Eastern Agricultural Complex blei etablert. mini|Solsikke var ein av plantane i Eastern Agricultural Complex. Eastern Agricultural Complex i skogområde aust i Nord-Amerika er eit av rundt 10 frittståande senter for domestisering av plantar i førhistorisk tid. Byrjande landbruk kan førast tilbake til rundt 5300 f.Kr. Rundt 1800 f.Kr. dyrka amerikanske urfolk i desse skogane fleire matplantar, og byrja dermed ein overgang frå ein jakt og sanking-kultur til jordbruk. Etter 200 f.Kr., då mais frå Mexico blei innført til området, byrja urfolk i dagens USA og Canada ein sakte overgang frå å dyrka innfødde plantar til å hovudsakleg dyrka mais. Dyrkinga av lokale plantar utanom graskar og solsikke gjekk tilbake, og blei til slutt forlaten. Plantane ein tidlegare hadde dyrka gjekk tilbake til villformene sine.

Dei fyrste fire plantane ein kjenner til blei domestiserte ved Riverton Site i Illinois i 1800 f.Kr. var texasmelde (Chenopodium berlandieri), solsikke (Helianthus annuus var. macrocarpus), marsh elder (Iva annua var. macrocarpa) og graskar (Cucurbita pepo ssp. ovifera). Seinare blei det domestisert andre planteartar.Smith og Yarnell, s. 6561

Plantar ein domestiserte i EAC var mellom anna:

goosefoot eller lambsquarters (Chenopodium berlandieri); solsikke (Helianthus annuus); sumpweed eller marsh elder (Iva annua); little barley (Hordeum pusillum); maygrass (Phalaris caroliniana); og erect knotweed (Polygonum erectum),

venstre|mini|Iva annua, engelsk sumpweed, marshelder mini|Chenopodium berlandieri engelsk lambsquarters venstre|mini|233x233pk|Cucurbita pepo blei ala fram til å gje etande graskar. Ein byrja fyrst å dyrka mais i Eastern Woodlands-kulturane rundt 200 f.Kr., og svært produktive lokale varietetar var utbreidde rundt år 900. Utbreiing tok lang tid fordi frøa og kunnskapen om dyrketeknikken måtte dra over folketomme ørkenar og fjellområde, og det var nødvendig å utvikla meir produktive maisvarietetar som kunne konkurrera mot lokale planteavlingar og passa dei kjøligare klimaa og den kortare vekstsesongen i nordlegare område. Det opphavlege maisslaget blømer ikkje i dei lengre sommardagane nord for tropiske Mexico, slik at det trengte genetiske tilpassing. Mais blei fyrst dyrka som supplement til lokal jordbruksplantar, men byrjar gradvis ta over som hovudvekst etterkvart som avlingane voks. Til slutt var EAC blitt heilt erstatta av maisbasert jordbruk.Gibbon and Ames, p. 239 Dei fleste EAC-plantar blir ikkje lenger, dyrka, og nokre av dei blir rekna som ugras av moderne bønder.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eastern Agricultural Complex» frå , den 7. april 2022.

Kategori:Landbrukshistorie Kategori:Nordamerikansk urfolkskultur Kategori:Plantegeografi Kategori:Agronomi