Eevahenna Aalto () er ein finsk-norsk bildekunstnar som særleg arbeider med tekstilkunst. Ho har budd i Noreg sidan 1970, og bur i Hammerfest.

Aalto er utdanna ved Den Frie Kunstskulen i Helsingfors 1966–68; Kreeta Pohjanheimos tekstilskule i Helsingfors 1966–70 og Bergen kunsthandverksskule 1975–76.

Ho har hatt utsmykkingsoppdrag ved fleire offentlege bygg i Nord-Noreg, mellom anna Hammerfest sjukehus, Setermoen leir, Finnmark sjukepleiarhøgskule, Hammerfest bibliotek, politihuset i Tromsø, Nornefeltet og Bardufoss flyterminal. Altertavla hennar til Hamarøy kyrkje vart avduka i 1990, og vart i 2000 brukt som motiv på eit norsk frimerke (NK 1408).

Kjelder

Kategori:Folk frå Hammerfest Kategori:Folk frå Helsingfors Kategori:Norske tekstilkunstnarar Kategori:Finske tekstilkunstnarar