Jelena Vjatsjeslavovna Mukhina () var ein russisk turnar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister i mangekamp i 1978 og fleirfaldig europameister. Sommaren 1980 braut ho nakken under trening, var sidan lam i heile kroppen.
Karriere Mukhina kom på andreplass i mangekampen ved Turn-EM 1977 i Praha, rumenske Nadia Comăneci sigra. I heile tre av øvingane: bom, frittståande og skranke sikra Mukhina seg ein gullmedalje. Året etter gjekk ho til topps i mangekampen under Turn-VM i Strasbourg, framom lagkameratane Nelli Kim og Natalja Sjaposjnikova, dessutan tok ho VM-gull i frittståande og sølv i bom og skranke. Ved europameisterskapen 1979 i København vann ho skranke-øvinga. Seinare same året braut ho venstrefoten. Mot sin vilje måtte ho byrje trene før brotet var grodd. Mellom anna vart ho sett til å øve på den vanskelege Thomas-saltoen i frittståande. Medan ho i 1980 førebudde seg til Sommar-OL i heimbyen, braut ho nakken. Ho var deretter lam frå nakken og ned.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elena Mukhina» frå , den 15. desember 2022.
Kategori:Russiske turnarar Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Folk frå Moskva