Eliteserien i handball 1973/74 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund.
Seriemeisterskapen omfatta 10 lag og vart avvikla tida frå september 1973 til februar 1974. Åtte av dei ti laga kom frå Stor-Oslo, einast Elverum Idrettslag og Bergens-laget Nornen kom utanfrå hovudstadsområdet.
Refstad Idrettslag frå Oslo vart seriemeister for aller fyrste gong. Laget bestod av ei rad spelarar med landslagserfaring: i fremste rekke Harald Tyrdal og lagkapteinen Per Otto Furuseth, i tillegg til karar som Harald Hegna, Sven Tore Jacobsen, Rune Sterner og Ulf Magnussen.
Poengtabell Plass Lag Kampar Målskår Poeng 1 Refstad IL 18 328-250 33 2 Fredensborg 18 340-231 32 3 Oppsal IF 18 288-201 29 4 Elverum IL 18 302-281 19 5 SK Njård 18 306-330 19 6 Bækkelaget SK 18 291-293 17 7 SK Arild 18 280-290 16 8 Nordstrand IF 18 244-295 9 9 IL Nornen 18 269-379 4 10 Stabæk IF 18 238-336 2
Kjelder Sportsboken 74. Dreyerbok – Stavanger.
Kategori:Sport i Noreg i 1974 Kategori:Handball i Noreg