Trans-Gambia Highway er omtalt som den viktigaste ferdselsåra i Gambia. Motorveien kryssar landet nord-sør og kryssar Gambiaelva over den største brua i landet, Senegambiabrrua, som opna i januar 2019. Trans-Gambia Highway er namnet på den delen av N4 som går gjennom Gambia, men på ei rekkje kart følgjer namnet Trans-Gambia Highway N4 gjennom heile strekninga frå Dakar til Ziguinchor i Casamance sør i Senegal.

I Gambia når motorvegen dei to hovudvegane som kryssar landet vest-aust, North Bank Road og South Bank Road. Dei to vegane ligg på nordbreidda og sørbreidda av Gambiaelva, og har namn etter dette. Samanknytinga av desse to vegane har opna for auka effektivitet i transport via Trans-Gambia Highway inn og ut av Gambia. Etter opninga av Senegambiabrua fekk Gambia tilskot frå EU for å utbetra delar av vegen med fast dekke.

Sidan Senegal ligg på begge sider av motorvegen er grenseovergangane sårbare for transport- og handelskonfliktar mellom landa. Problemet var større før brua blei opna, sidan det gav gambiske styresmakter kontroll over ferjeprisane. Ved fleire tilfelle stengde Senegal grensene. Som oftast har den sterke transportunionen i Senegal stått bak aksjonane. mini|Senegambia-brua sett frå nord mot sør

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trans-Gambia Highway» frå , den 2. september 2024.

Kategori:Gambia