Adelheid av Aquitaine eller Adelheid av Poitiers, fødd kring 950, død 1004, var fransk dronning gjennom ekteskap med Hugo Capet.Gerd Treffer: Die französischen Königinnen. Pustet, Regensburg 1996, Paret grunnla kapetingardynastiet, som fortsette gjennom sonen Robert II.
Adelheid var dotter av Guillaume III, greve av Poitiers og hertug av Aquitaine, og Adela av Normandie.
Ho utgjorde eit pant i samband med ein våpenkvile mellom Guillaume og Hugo, som ho blei gift med i 969. Då Hugo blei krona til fransk konge i 987 blei ho dronning i riket. Dei var den fyrste kongen og dronninga av huset Capet.
Hugo stolte tilsynelatande på dømmekraft til Adelheid, og let henne ta del i styret av riket. Han anerkjende henne som socia et particeps nostril regni, grovt omsett til ‘deltakar i riket vårt’.Andrew W. Lewis, Royal Succession in Capetian France, Studies on Familial Order and the State (London: 1981), quoted in Jim Bradbury, The Capetians: Kings of France, 987-1328. (London, UK: Hambledon Continuum, 2007), 69. Han gav henne i oppdrag å forhandla med regenten Teofano av Det tysk-romerske riket, og gav henne samtykke på føretil den avtalen ho klarte å forhandla fram.
Ho grunnla klosteret Saint-Frambault de Senlis.
Barn Adelheid og Hugo hadde minst tre barn som levde opp:
Hedwig, grevinne av Mons (eller Hadevide, eller Avoise) (ca. 969–etter 1013), gift med grev Reginar IV av Mons Robert II (972–1031), fransk konge. Krona til medkonge i 987. Gisèle, grevinne av Ponthieu (ca. 970–1002), gift med grev Hugo I av Ponthieu.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Adelheid av Akvitanien» frå , den 25. februar 2025.
Kategori:Franske dronningar Kategori:Folk frå 900-talet Kategori:Folk frå 1000-talet