Riksheim kraftverk er eit vasskraftverk på Riksheim og har gardsnummer 36, i Sykkylven kommune på Sunnmøre. alt=Kraftverk, eit gammalt til venstre, og eit nytt til høgre|mini|Riksheim kraftverk har omdanna vassfallet frå Riksheimdalen til straum sidan 1918. Kraftverket utnyttar eit fall på 259 meter i Riksemelva frå inntaksmagasin i Dammen til sjønivå. Dammen er vidare fora av Trollvatnet, Storevatnet (første-), andre-, tredje- og fjerde-vatnet.
Kraftverket starta produksjonen i 22. januar 1918, og vart oppgradert fleire gonger. Frå 1958 var effekten 3,3 MW og produksjonen 16 GWh.
I 2013 vart det bygd nytt kraftverk ved sida av det gamle. Den gamle røyrgata er fjerna, nye røyr er grave ned.
Installert effekt er 5,3 MW frå ein peltonturbin. Gjennomsnittleg årsproduksjon er 26 GWh.
Kraftverket er eigd av Sykkylven energi, som igjen er heileigd av Sykkylven kommune.
Vilkårsrevisjonen mini|Røyrgata frå Riksheimdalen. I 2017 starta vilkårsrevisjon der mellom anna Riksheim grunneigerlag, Sykkylven Energi og Fylkeskommunen kom med inspel til NVE. Av saksdokument ser det blant anne ut til at det sidan «Kgl. Res.. Av 1938: Regulering av Storevatnet» har vore nokre utfordringar med at Sykkylven kommune har hevda å eiga «heile vassdraget, like til sjøen». Grunneigarane hevdar at det ikkje er rett, og at dei eig alt frå sjøen til kraftstasjonen, også kalla andronom grense. Andronom grense tyder at det ikkje er mogleg for fisk å symja høgare på grunn av kraftstasjonen.
Det har også sidan 1938 vorte mindre laks. Sidan det har vore naturleg lekkasje frå dammen fram til han vart godt tetta på 1980-talet, har fisk klart seg. I tida etter det har det vorte mindre og mindre fisk. Det kan sjå ut til at bestanden har vore så å seie heilt utrydda og at det i samband med dette er ønskjeleg å auka bevisstheita om moglegheiter for å styrkja det biologiske mangfaldet, og fiskebestanden spesielt, hevdar dei vidare.
Kjelder
NVE vannkraftdatabase Sykkylven energi Christie Partner om nybygget (arkiv)
Denne artikkelen bygger på «Riksheim kraftverk» frå , den 9. mars 2025.
Bakgrunnsstoff Sykkylven kommunale kraftverk ved lokalhistoriewiki.no
Kategori:Småkraftverk i Møre og Romsdal Kategori:Kraftverk i Sykkylven Kategori:Sykkylven Energi Kategori:Skipingar i 1918 Kategori:Skipingar i 2013