Emma Carol Hayes () er en britisk fotballtrenar og hovudtrenar for det USA-amerikanske kvinnelandslaget. Ho er best kjend for sine tolv år som trenar for , der ho vann sju gongar, fem av dei frå 2019/20 til 2023/24. 10. august 2024 leia ho USA mot OL-gull i Paris.
Den 28. oktober 2024 vann Hayes den fyrste utgåva av Johan Cruyff Award, som blir gitt til årets beste trenar på både herre- og kvinnesida, under prisutdelinga av .
Oppvekst og spelarkarriere Emma Hayes blei fødd i Camden i London, og gjekk på Parliment Hill School. Hayes spelte som midtbanespelar for akademiet til frå 1988 til 1996. Under ein skitur då ho var 17 år gammal, skada hun ankelen. Skaden markerte slutten på spelarkarrieren til Hayes.
Hayes studerte europastudium, spansk og sosiologi ved Liverpool Hope University, og blei uteksaminert i 1999. Ho byrja også på ein mastergrad i etterretning og utanrikspolitikk.
Karriere Medan ho studerte var Hayes trenar for universitetet sitt fotballag for kvinner frå 1997 til 1999. I 1999 flytta ho tilbake til London og bidrog med å utvikle unge spelarar hos og . I 2002 blei ho den yngste trenaren i USL W-League, då ho blei trenar for på Long Island i New York. Ho leia laget til sluttspelet etter å ha avslutta grunnserien øvst på tabellen i den nord-austlige divisjonen i Easteren Conference. I semifinalen mot , vann Hayes 3-1. I finalen tapte Long Island 4-2 mot . Ho blei kåra til årets trenar i ligaen i 2002. Ho blei så hovudtrenar for Iona Gaels Women’s Team ved i i New York. Her blei ho til slutten av 2005-sesongen.
Hayes reiste heim igjen til England, og blei assistenttrener for A-laget til frå 2006 til 2008. I denne perioden vann laget elleve troféar, inkludert tre Women’s Premier League-titlar, tre -ar og UEFA Women’s Cup, dagens for kvinner. Samstundes var ho direktør for akademiet, der ho såg over utviklinga av yngre spelarar.
Den 15. mai 2008 drog Hayes til , der ho fekk sparken i 2010. Ho blei dagleg leiar for og gav råd rundt spelarsal og kjøp, noko som resulterte i eit lag som vann Women’s Professional Soccer-tittelen i 2011. Etter ei tid som rådgjevar for , returnerte Hayes til London der ho byrja å jobbe for familiebedriften, Covent Garden FX.
Chelsea 14. august 2012 blei det kjent at hadde tilsett Hayes som hovudtrenar for resten av 2012-sesongen, etter at gjekk av for å bli trenar for . Chelsea spelte sin fyrste kamp under Hayes 18. august, der dei vann 1-0 over .
2015-sesongen Etter å ha tapt -tittelen på siste dag i 2014, fekk Hayes fleire nye spelarar inn mot 2015-sesongen. , , , og var nokre av Hayes nye rekruttar. Seinare i sesongen signerte også for klubben for ein rekordsum i Storbritannia. Hayes leia Chelsea mot troféet i både og , og vann serien etter å ha slått 4-0.
I tapte mot i åttedelsfinalen.
2017/18-sesongen Med nysigneringar som , Maren Mjelde, og leia Hayes Chelsea mot toppen av tabellen, og hennar andre WSL-tittel.
Laget rauk ut av FA-cupen i semifinalen mot , etter straffekonkurranse.
2019/20 og 2020/21-sesongane Etter 2017/18-sesongen bygde Hayes opp laget på nytt med spelarar som , , , og . Dei to sesongane resulterte i to WSL-titlar. Hayes blei den fyrste kvinnelege trenaren i ein meisterligafinale på 12 år. DeN 16. mai 2021 møtte Chelsea, i , i det som var Chelsea sin fyrste finale. Chelsea tapte 4-0.
Hayes vann årets manager i WSL etter 2020/21-sesongen. To månader seinare signerte ho ein ny langtidskontrakt med Chelsea. Den 17. januar 2022 vann Hayes «The Best FIFA Football Coach» føre og .
2023/24-sesongen Den 4. november 2023 kunngjorde Chelsea at Emma Hayes ville forlate klubben etter sesongen for å kunne «pursue a new opportunity outside of the WSL and club football». Fleire i USA indikerte at Hayes var i konkrete samtaler med om å bli hovudtrenar for USA, noko som blei stadfesta 14. november 2023. Den 21. januar 2023 blei Hayes den første kvinna som vann Football Writers Association Tribute Award.
Chelsea tapte ligacupfinalen 1-0 mot etter ekstraomgangar. Chelsea rauk også ut av i semifinalen mot , og i semifinalen mot . Sesongen ble reddet da Chelsea vant sin femte WSL-tittel på rad.
USA Hayes blei landslagstrenar for kvinnelandslaget til USA, då WSL-sesongen var over. Ho hadde to månader på seg før USA skulle til OL i Paris. USA vann alle kampane i OL, og i finalen 10. august slo dei Brasil 1-0.
Privatliv I 2018 var Hayes gravid med tvillingar, men mista ein av dei 28 veker inn i graviditeten. Ho fødde den overlevande tvillingen 17. mai 2018.
Hayes blei utnemnd til medlem av den britiske imperieordenen (MBE) i 2016, og blei utnemnd til offiser av den britiske imperieordenen (OBE) i 2022. Begge for hennar arbeid i fotballen.
Trenarstatistikk
+Trenarstatistikk per lag og periode LagFråTilStatistikkRef.KSUTSigers%November 200122. januar 20031612047522. januar 200328. oktober 2005572262938,6015. mai 200824. mai 201026661423,0814. august 201218. mai 2024367261426471,12USA18. mai 202415132086,66Totalt i karrieren4813145611165,28
Utmerkingar
Chelsea
: 2015, 2017/18, 2019/20, 2020/21, 2022/23, 2023/24 (7. titlar) FA WSL Spring Series: 2017 : 2014/15, 2017/18, 2020/21, 2021/22, 2022/23 (5. titlar) : 2019/20, 2020/21 (2. titlar) Community Shield: 2020 : 2. plass:
USA
Sommar-OL: Gull: 2024
Individuelle
FA WSL Årets Trenar: 2015, 2018, 2020, 2021, 2022, 2023 LMA WSL Manager of the Season: 2017/18, 2019/20, 2020/21, 2021/22, 2022/23 FA WSL Manager of the Month: oktober 2019, januar 2020, januar 2020, januar 2021, mars 2022, november 2022, januar 2024 The Best FIFA Football Coach: 2021 Women’s Super League Hall of Fame: 2021 FWA Tribute Award: 2024 Women’s Johan Cruyff Trophy: 2024
Ordnar Offiser av den britiske imperieordenen (OBE): 2022 Medlem av den britiske imperieordenen (MBE): 2016
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emma Hayes» frå , den 14. mars 2025.
Kategori:Engelske fotballtrenarar Kategori:Fotballtrenarar for Chelsea FC Women Kategori:Fotballtrenarar for Chicago Red Stars Kategori:Fotballtrenarar i Women’s Super League Kategori:Trenarar for USA-amerikanske fotballandslag Kategori:Order of the British Empire Kategori:Folk frå London