«C’est la vie» (norsk omsetjing ‘Sånn er livet’) er ein song av den kongolesiskfødde, nederlandske songar-låtskrivaren Claude. Songen, som blir skildra som ei hylling til eins foreldre, blei gjeven ut 27. februar 2025 gjennom Cloud 9. Songen er skriven av Claude saman med , og . Songen var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2025. Songen nådde ein andreplass på den nederlandske singellista.
Bakgrunn og komposisjon «C’est la vie» ble skriven og komponert av Claude, , og , der dei to sistnemnde også produserte songen. Claude skildra songen som ei hylling til ein forelder – spesielt mor hans. Han forklarte: «Frå barndommen og gjennom ungdomsåra lærte ho meg å finne det positive i livserfaringer, sjølv i motgang.» Om bodskapen i songen sa han vidare: «Sjølv når ting verkar mørke, er det viktig å fokusere på det lyse. Det er denne bodskapen eg ønsker å formidle – livet er ikkje alltid lett; det har sine oppturar, nedturar og svingar, men C’est la vie!»
Eurovision Song Contest 2025 Intern utveljing Den 19. desember 2024 offentleggjorde at dei hadde vald Claude til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2025. Utveljinga blei gjort av ein komité beståande av songarane og , radioprogramleiarane , og , i tillegg til programleiar og forfattar . Den endelege avgjerdsla blei tatt etter ein auditionrunde med seks utvalde artistar, inkludert og , som fann stad 9. desember 2024.
I Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest 2025 blei halden i i Basel i Sveits, og bestod av to semifinalar den 13. og 15. mai, i tillegg til ein finale 17. mai 2025. Under trekkinga 28. januar 2025 blei Nederland plassert i den første semifinalen, der dei skulle opptre i andre halvdel av showet. Claude blei deretter trekt til å opptre som nummer 13, etter Shkodra Elektronike frå Albania og før Marko Bošnjak frå Kroatia.
Sceneshowet for det nederlandske bidraget blei leia av kreativ direktør Pim Brassien og lysdesignar Henk-Jan van Beek. Emma Evelein var også engasjert som koreograf.
Nederland kvalifiserte seg til finalen etter å ha enda på tredjeplass i semifinalen.
Claude framførte den same versjonen av nummeret sitt i finalen 17. mai. Songen vart framført som nummer 12, før Erika Vikman frå Finland og etter Tautumeitas frå Latvia. Låten enda på tolvteplass totalt, med 175 poeng; 133 poeng frå juryen og 42 poeng frå sjåarane.
Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Island (Tónlistinn) 13 Hellas Internasjonal (IFPI) 14 Litauen (AGATA) 13 Noreg (VG-lista) 67 Sverige (Sverigetopplistan) 53 UK Indie Breakers (OCC) 17 UK Singles Sales (OCC) 55
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «C’est la vie (Claude-sang)» frå , den 9. desember 2025.
Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar