Henry Fielding () var ein engelsk romanforfattar og dramatikar. Han er særleg kjend for romanen Tom Jones.
Liv og virke Fielding var fødd inn i ein aristokratisk familie i Sharpham ved Glastonbury i Somerset. Etter end skulegang ved Eton College flytta han til London og byrja den litterære karrieren sin. Etter avbrotne jusstudiar i Leiden i Nederland byrja han å skriva for teateret, med stykke som til dels var sterkt kritiske til den sitjande regjeringa til Robert Walpole. Stykka til Fielding blir rekna for å ha vore medverkende til at parlamentet i 1737 vedtok ein lov som innførte sensur av teatera. Etter at sensurloven hadde gjort politisk satire praktisk talt umogleg, vende Fielding seg igjen til jusen, og enda som advokat.
Fielding slutta likevel ikkje å skriva politisk satire; blant anna hadde han ein viss suksess med lesedramaet Tragedy of Tragedies. Utover på 1740-talet heldt han fram med å lufta dei liberale synspunkta sine i pressa, gjerne under pseudonymet «Captain Hercules Vinegar».
Karrieren hans som romanforfattar byrja nærast ved eit tilfelle. I irritasjon over suksessen Samuel Richardson hadde fått med den moralistiske og melodramatiske roman Pamela gav han anonymt ut Shamela i 1741. Dette var ein parodi i ånda til Jonathan Swift og John Gay.
Året etter følgde han opp med romanen Joseph Andrews, angiveleg om Pamelas bror. Sjølv om denne òg har parodiske element, blir han rekna som Fielding sin debut som seriøs romanforfattar. Det er likevel gode grunner til å rekna The History of the Life of the Late the Great frå 1743 som den fyrste romanen hans, i og med at mykje av denne var skriven før Shamela og Joseph Andrews. Det er ein satire om Robert Walpole der han trekk parallellar mellom statsministeren og den kjende landvegsrøvaren Jonathan Wild. Mr Jonathan Wild inngår som tredje bind i romanserien Miscellanies.
Det mest kjende verket til Fielding er romanen The History of Tom Jones, a Foundling frå 1749, ein pikaresk roman som skildrar korleis hittebarnet Tom Jones arbeider seg fram til rikdom.
Til trass for den satiriske verksemda si oppnådde Fielding i 1748 å bli utnemnd til stillinga som borgarmeister i London. Av ettertida er han blitt rekna som ein av dei beste borgarmeistrane i London i sitt hundreår, og gjorde mykje for å innføra juridiske reformer, kombinert med styrking av ordensmakta og mildare soningsforhold. Blant anna talte og skreiv han mot offentleg henging som straffemetode.
I 1752 starta Fielding einmannstidsskriftet The Covent Garden Journal. Her kunngjorde han at det ikkje ville koma fleire romanar frå handa hans. Tidsskriftet kom ut to gonger i veka, og gjekk inn seinare på året; det gjev likevel eit interessant innblikk i Fielding sitt syn på litteratur, moral og sosiale spørsmål. Ein kan merka det skarpe viddet han til fulle òg i tidsskriftartiklane, som gav han feidar med nokre av litteratane i samtida, blant anna Tobias Smollett.
Fielding sitt virke som forfattar og offentleg tenestemann blei avbrote av sviktande helse. I 1754 reiste han til Portugal på kuropphald, men døydde i Lisboa kort tidetter at han kom fram. Han er gravlagd ved den engelske kyrkja i Lisboa.
Bibliografi (utval)
Skodespel
Love in Several Masques, 1728 Rape upon Rape, 1730. The Temple Beau, 1730 The Author's Farce, 1730 The Tragedy of Tragedies; or, The Life and Death of Tom Thumb, 1731 Grub-Street Opera, 1731 The Modern Husband, 1732 Pasquin, 1736 The Historical Register for the Year 1736, 1737
Romanar
An Apology for the Life of Mrs. Shamela Andrews, 1741 The History of the Adventures of Joseph Andrews and of his Friend, Mr. Abraham Abrams, 1742; norsk oversettelse 1999: Joseph Andrews ISBN 8203202950 The Life and Death of Jonathan Wild, the Great, 1743; norsk oversettelse 1932: Jonathan Wild den store Miscellanies – samleverk, 1743, The History of Tom Jones, a Foundling – roman, 1749 Amelia – roman, 1751
Sakprosa
The Female Husband or the Surprising History of Mrs Mary alias Mr George Hamilton, who was convicted of having married a young woman of Wells and lived with her as her husband, taken from her own mouth since her confinement, fiksjonalisert pamflett, 1746 A Journey from This World to the Next, 1749 Enquiry into the causes of the late increase of robbers etc., 1751 Examples of the Interposition of Providence, in the Detection and Punishment of Murder, 1752 A proposal for making an effectual provision for the poor, 1753 Journal of a Voyage to Lisbon – reiseskildring, 1755 Tom Thumb N.D.
Periodika
The Covent Garden Journal, 1752
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Henry Fielding» frå , den 10. januar 2026.
Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1700-talet