Pternistis er ei biologisk slekt i fasanfamilien med artar som er endemiske for Afrika sør for Sahara. Eit unnatak er kvitbrynfrankolin (Pternistis bicalcaratus), som òg har isolerte populasjonar i Marokko.
Slekta Pternistis vart innført av den tyske naturforskaren Johann Georg Wagler i 1832. Namnet kjem frå gammalgresk pternistēs, som tyder «ein som slår med hælen». Typearten vart fastsett av den engelske zoologen George Robert Gray i 1841 som kappfrankolin, engelsk 'Cape spurfowl' (Pternistis capensis).
Taksonomi Dei fleste artane i slekta hadde tidlegare «francolin» i det engelske trivialnamnet. Frå 2004 har fleire ornitologar tilrådd å avgrense bruken av «francolin» til artar i slekta Francolinus og nærskylde slekter (Peliperdix, Ortygornis, Campocolinus, Scleroptila), og heller bruke «spurfowl» (norsk «sporehøne») for alle artar i Pternistis. Desse slektene høyrer til ulike stammar innan underfamilien Pavoninae: Pternistis er plassert saman med vaktlar i «den gamle verda» i stammen Coturnicini, medan dei eigentlege frankolinane er plasserte saman med jungelhøns i stammen Gallini.
Denne tilrådinga vart teken i bruk i 2020 av International Ornithological Committee i IOC-lista. Det engelske namnet «spurfowl» blir òg brukt om tre asiatiske artar i slekta Galloperdix der dei samsvarande norske namna bruker «sporehøne». Per 1.1.2026 er «frankolin» brukt i dei norske trivialnamna i slekta Pternistis, dei tre artane i Galloperdix er dei einaste «sporehøner» på norsk og har vore nemnde «sporehøner» sidan dei norske namna blei indroduserte.
Skildring Pternistis er middelsstore hønseliknande medlemmar av fasanfamilien. Mange artar har kroppslengde i området 33-35 cm, med vekt på 0,5 kg, men nokre er langt større, hannfuglar av storfrankolin (P. erckelii) kan vege opptil 1,5 kg. Hannfuglar har gjerne 20-30 % meir kroppmasse enn hoa i arten. Kjønna skil seg også i fjørdrakt hos mange artar.
Artane er strengt monogame og held saman i par livet ut. Dei skaffar det meste av føda ved å grave i bakken. Føda består i hovudsak av røter, frø frå belgplantar, knollar og andre frø, men dei et òg opportunistisk termittar, maur, grashopper, blomar og frukt. Viktige predatorar er mellom anna sjakalar, karakal, servalar og rovfuglar, samt hegrer og marabustork.
Artsoversyn mini|høgre|Kappfrankolin, Pternistis capensis er typearten i slekta mini|høgre|Svartbeinfrankolin, Pternistis swainsonii, i sørlege Afrika har kraftige sporar Status Djiboutifrankolin, Pternistis ochropectus, er kritisk truga fordi utbreiingsområdet er avgrensa og vert stadig meir fragmentert og ringast. Det er estimert at populasjonen ligg i området 300-750 individ. Ein annan art er sterkt truga, ein er sårbar og ein annan nær truga. Dei andre 19 artane er klassifiserte som livskraftige.
Artar Medlemmar av Pternistis i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Steinfrankolin, Pternistis hartlaubi, Hartlaub's spurfowl, (Bocage, JVB, 1869), (LC) Edelfrankolin, Pternistis nobilis, Handsome spurfowl, (Reichenow, A, 1908), (LC) Kamerunfrankolin, Pternistis camerunensis, Mount Cameroon spurfowl, (Alexander, B, 1909), (EN) Kastanjefrankolin, Pternistis castaneicollis, Chestnut-naped spurfowl, (Salvadori, AT, 1888), (LC) Storfrankolin, Pternistis erckelii, Erckel's spurfowl, (Rüppell, WPES, 1835), (LC) Djiboutifrankolin, Pternistis ochropectus, Djibouti spurfowl, (Dorst, J; Jouanin, C, 1952), (CR) Svartbrystfrankolin, Pternistis swierstrai, Swierstra's spurfowl, (Roberts, A, 1929), (VU) Ashantifrankolin, Pternistis ahantensis, Ahanta spurfowl, (Temminck, CJ, 1854), (LC) Angolafrankolin, Pternistis griseostriatus, Grey-striped spurfowl, (Ogilvie-Grant, WR, 1890), (LC) Kikuyufrankolin, Pternistis jacksoni, Jackson's spurfowl, (Ogilvie-Grant, WR, 1891), (LC) Kappfrankolin, Pternistis capensis, Cape spurfowl, (Gmelin, JF, 1789), (LC) Brillefrankolin, Pternistis adspersus, Red-billed spurfowl, (Waterhouse, GR, 1838), (LC) Shonafrankolin, Pternistis natalensis, Natal spurfowl, (Smith, A, 1833), (LC) Bergfrankolin, Pternistis hildebrandti, Hildebrandt's spurfowl, (Cabanis, JL, 1878), (LC) Kvitbrynfrankolin, Pternistis bicalcaratus, Double-spurred spurfowl, (Linnaeus, C, 1766), (LC) Termittfrankolin, Pternistis icterorhynchus, Heuglin's spurfowl, (Heuglin, MT, 1863), (LC) Skuggefrankolin, Pternistis squamatus, Scaly spurfowl, (Cassin, J, 1857), (LC) Dunkjevlefrankolin, Pternistis harwoodi, Harwood's spurfowl, (Blundell, HJW; Lovat, 1899), (NT) Savannefrankolin, Pternistis clappertoni, Clapperton's spurfowl, (Children, JG; Vigors, NA, 1826), (LC) Svartbeinfrankolin, Pternistis swainsonii, Swainson's spurfowl, (Smith, A, 1836), (LC) Gulstrupefrankolin, Pternistis leucoscepus, Yellow-necked spurfowl, (Gray, GR, 1867), (LC) Serengetifrankolin, Pternistis rufopictus, Grey-breasted spurfowl, Reichenow, A, 1887, (LC) Raudstrupefrankolin, Pternistis afer, Red-necked spurfowl, (Müller, PLS, 1776), (LC)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pternistis» frå , den 19. februar 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fasanfamilien Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fugleslekter