Raffaella Petrini () er ei italiensk katolsk ordenssyster som har vore leiar for Den pavelege kommisjonen og guvernør for Vatikanstaten sidan mars 2025. Ho var tidlegare generalsekretær for kommisjonen frå 2021 til 2025. Ho er den første kvinna som har hatt desse stillingane, to av dei høgaste i styringsverket. Ho er medlem av kongregasjonen Fransiskanske eukaristiske systrer.

Biografi Raffaella Petrini vart fødd i Roma 15. januar 1969 og tok eksamen i statsvitskap ved Libera Università Internazionale degli Studi Sociali i Roma. Ho studerte deretter ved Barney School of Business ved University of Hartford i Connecticut, der ho fekk ein mastergrad i organisasjonsåtferd i 2001. I 2008 byrja ho ved Det pavelege universitetet Sankt Thomas Aquinas, der ho tok lisensiatgrad i 2011 og doktorgrad i 2014. Seinare vart ho utnemnd til professor der og underviste i velferdsøkonomi og sosiologi knytt til økonomiske prosessar.

Frå 2005 til 2021 arbeidde Petrini i staben til Kongregasjonen for evangelisering av folka. Den 4. november 2021 utnemnde pave Frans henne til generalsekretær for guvernementet i Vatikanstaten, som første kvinne i denne stillinga. Han peika seinare på at ho var den kvinna med høgast rang i verdas minste stat. Den 13. juli 2022 utnemnde pave Frans for første gong kvinner til medlemer av Dikasteriet for biskopar, mellom dei Petrini, Yvonne Reungoat og María Lía Zervino.

Den 15. februar 2025 utnemnde pave Frans Petrini til president for Den pavelege kommisjonen for Vatikanstaten og president for guvernementet i Vatikanstaten, med verknad frå 1. mars. Ho var den første kvinna som hadde desse verva.

Fullmaktene hennar vart automatisk suspenderte saman med dei fleste andre kuriale utnemningar ved dødsfallet til pave Frans 21. april 2025. Etterfølgjaren hans, pave Leo XIV, stadfesta rolla hennar 9. mai, dagen etter at han tok over embetet. Artikkel 8 nr. 1 i den grunnleggjande lova, kunngjord i 2023, sa tidlegare: «Den pavelege kommisjonen er samansett av kardinalar, inkludert presidenten, og av andre medlemer som vert utnemnde av den øvste pontiffen for ein femårsperiode.» Men i 2025 endra pave Leo XIV dette til: «Den pavelege kommisjonen for Vatikanstaten er samansett av kardinalar og andre medlemer, inkludert presidenten, som vert utnemnde av den øvste pontiffen for ein femårsperiode», og opna slik for at personar som ikkje er kardinalar, også kvinner, kan vere president.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Raffaella Petrini» frå , den 23. februar 2026.

Kategori:Italienske nonner Kategori:Vatikanske nonner Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar