Øyvind Storflor () er ein tidlegare fotballspelar frå Trondheim. I tida 1999-2013 vart han seriemeister fire gongar og noregsmeister to gongar, fordelt på Rosenborg BK og Strømsgodset IF. Storflor var kantspelar.

Klubbspel Storflor debuterte for Rosenborg i 1999, men fekk lite speletid. Åra 2000 og 2001 var han aktiv for Byåsen IL og 2002-sesongen i Moss FK. Framom 2003-sesongen var Storflor tilbake i Rosenborg. Han bidrog til at laget sigra i både eliteserien og cupfinalen mot Bodø/Glimt. Også i 2004 og 2006 vart Storflor seriemeister med Rosenborg. Etter kvart vart det mindre speletid, så frå vinteren 2009 spelte Storflor for Strømsgodset. Her var han i fleire sesongar ein av dei sentrale spelarane i laget. Han vart i 2010 cupmeister med laget frå Drammen, og i 2013 seriemeister. Etter åtte år i Strømsgodset, melde han seg til teneste for Ranheim IL sitt lag på nivå 2 i seriefotballen. Etter tre sesongar i Ranheim la han opp i desember 2019, tett før han runda 40 år.

Landslagsspel Storflor var i januar 2005 med då landslaget, beståande av spelarar frå norske fotballklubbar, spelte tre vennskapskampar i Midt-Austen. 10. oktober 2013 var han innbytar i VM-kvalifiseringskampen mot Slovenia i Maribor.

Merittar Seriemeister: 2003, 2004, 2006 for Rosenborg, 2013 for Strømsgodset Cupmeister: 2003 for Rosenborg og 2010 for Strømsgodset

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Øyvind Storflor» frå , den 1. april 2026.

eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Strømsgodset-spelarar