Coyoacán er ein bydel i Mexico by. Han ligg sentralt i det føderale distriktet i Mexico. I 2000 var det registrert 639 021 innbyggjarar i Coyoacán, som har eit samla areal på 54,4 km². Namnet «Coyoacán» kjem frå nahuatl og tyder ‘Coyotestaden’.

Coyoacán var tidlegare ein eigen by, men er no blitt oppslukt av storbyen. Midt i Coyoacán ligg renessansekyrkja San Juan Bautista frå seint på 1500-talet, omringa av flotte, fargerike hus i kolonistil. Her blir det halde ein fargerik marknad, og området har òg eit livleg uteliv. Like ved finst heimen til kunstnarane Diego Rivera og Frida Kahlo, og dessutan huset der Lev Trotskij budde og blei drepen i 1940.

Nasjonalparken Viveros de Coyoacán har mellom 2 500 og 3 500 vitjande kvar dag. Det er ein kombinert planteskule og offentleg park. I Coyoacán ligg òg dyrehagen Zoológico Los Coyotes. Han har hovudsakleg ein regional fauna med artar som høyrer heime i Mexicodalen, mellom anna coyotar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Coyoacán» frå , den 12. april 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mexico by