Andreas Martin Seip () var ein norsk militær offiser frå Fredrikstad.
Seip var son til ein lege. Sjølv var han offiser frå 1807, premierløytnant 1808 i nordenfjeldske infanteriregiment. 1817-43 var han kaptein i 1. akershusiske brigade og 1843-48 oberstløytnant i 2. akershusiske brigade. Seip var då i fleire år veginspektør i Smaalenene.
Seip var ikkje fylt 30 år på valdagen 9. oktober 1820, så valet av han vart forkasta med 55 mot 16 røyster. Ved omvalet hadde han fylt 30 så då han vart attvald, vart valet også godkjent. Dermed kunne han møte i Stortinget der han var med i 9 komitear. I fire av desse var han sekretær, mellom dei komiteen om vernepliktslova. Han var medlem i komiteen om uekte born og fråskilde kvinner, og i komiteen om snøbrøyting.
Seip døydde på Ringerike.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Fredrikstad Kategori:Norske militære