Frederich Johannes Grønvold () var ein norsk militær offiser og proprietær.

Grønvold var son til ein offiser og utdanna seg sjølv i same leia. Han var sekondløytnant frå 1781 og premierløytnant frå 1789. I 1808 var han divisjonssjef ved kystvernet i Jarlsberg og Larviks distrikt. Han tok avskjed som krigsråd, var sidan proprietær busett på storgarden Sem i Borre.

I 1818 var han 2. representant til Stortinget frå Jarlsberg grevskap. Han var då medlem i 6 komitear, mellom dei om kongetiend og om traktatar.

Grønvold var gift fire gongar, ein gong skild.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Norske militære