Tomas Nikolai Torsvik () var ein norsk gardbrukar, redaktør og stortingsmann frå Oddernes i Vest-Agder.
Torsvik gjekk i 1881 ut frå seminaret i Kristiansand. Frå 1882 til -85 var han lærar i Holme herad, deretter styrar av folkehøgskule 1886–89. Perioden 1889–1900 var han redaktør, etter tur i blada Lister i Farsund, Agder i Flekkefjord og så Kristiansands Dagblad. I 1900 tok han over farsgarden i Oddernes og dreiv denne. Formann i Vestagder Ungdomslag. Frå 1912 til 1929 redigerte han Fædrelandsvennen, ei avis der han heldt fram som medarbeidar og bidragsytar til han var nær 80 år. 1918-25 styrar av Noregs Bank si avdeling i Kristiansand.
Torsvik møtte i 1910 som varamann i Stortinget frå 21. januar, eit val som vart forkasta to veker seinare. Etter eit nytt val møtte han frå 12. april 1910 og begge sesjonane 1911 og 1912 i staden for avdøde Theodor Stousland. Han var då medlem i Konstitusjonskomiteen. «Redaktør Torsvik var en rakrygget personlighet som aldri vek unna, en glimrende skribent med en følsom og lyrisk åre.»Haugesunds-Pressen, 16. februar 1944
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Lister og Mandals amt Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Kristiansand