class=skin-invert-image|mini|420x420pk|kjemisk struktur av β-karoten, ein vanlig naturlig pigment Karotenoid er gule, oransje og raude organiske pigment som blir laga av plantar, algar og fleire bakteriar, arkar and soppar. Karotenoid gjev den karakteristiske fargen til graskar, gulrot, pastinakk, mais, tomatoes, kanarifuglar, flamingoar, laks, hummar, reker og påskeliljer. Over 1 100 identifiserte karotenoid kan bli vidare delte inn i to klassar xanthofyll (som inneheld oksygen) og karoten (som er reine hydrokarbon og ikkje inneheld oksygen).
Alle er avleiinger av tetraterpen, som tyder at dei er produserte frå 8 isopreneiningar og inneheld 40 karbonatom. Vanlegvis absorberer karotenoid bølgjelengder som varierer frå 400 til 550 nanometer (fiolett til grønt lys). Dette gjer at sambanda blir djupt gule, oransje eller raude. Karotenoid er det dominerande pigmentet i haustfargar av rundt 15-30 % av treartar, men mange plantefargar, særleg raud og lilla, er på grunn av polyfenol. mini|Den gule flekken i menneskeauget. Karotenoid har to viktige roller i plantar og algar: dei absorberer lysenergi til bruk i fotosyntese, og dei gjev fotoproteksjon (vern mot skadar frå sollys). I auget finst lutein, meso-zeaxanthin og zeaxanthin som makulære pigment som har ein viktig funksjon i auget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Carotenoid» frå , den 14. mai 2026.
Kategori:Fotosyntese Kategori:Karotenoid Kategori:Bioindikatorar