Vasslauparar (Gerridae) er ein familie av insekt i underordenen teger. Dei lever på yta av stille innsjøar eller langsamt rennande elvar. Dei to attarste beinpara er særs lange og har vassavstøytande hår som gjer at vasslauparane kan flyta på og røra seg på vassyta. Dei er særs snøgge, og kan oppnå ein fart på over éin meter per sekund.
Kjelder