Mastrafjordtunnelen er ein undersjøisk vegtunnel på europaveg 39 (E39) i Stavanger kommune i Rogaland. Tunnelen går under Mastrafjorden mellom Askje på Mosterøy og Håvastein på Rennesøy. Tunnelen er 4 424 meter lang, den når 133 meter under havet. Den største stiginga er 8 %.

Mastrafjordtunnelen er ein del av veganlegget Rennfast, som gav fastlandssamband til Rennesøy kommune. Rennfast blei opna 30. november 1992. Veganlegget forkorta også ferjestrekninga over Boknafjorden.

Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Mastrafjordtunnelen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mastrafjordtunnelen» frå , den 15. mai 2026.

Kategori:1992 i Noreg Kategori:Tunnelar opna i 1992 Kategori:5°E Kategori:Tunnelar i Rogaland Kategori:Europaveg 39 i Noreg