Kristian Henrik Dyring, ofte Kr. H Dyring, () var ein norsk boktrykkar og politikar frå Porsgrunn.

Dyring var son til ein bokhandlar. Sjølv utdanna han seg til boktrykkar og grunnla i 1877 bladet Grenmar, redaktør i same frå 1879. Også i 1879 byrja han forlagsbokhandel.

Dyring var medlem i bystyret frå 1891, varaordførar 1896–1904 og 1907-09. Valperioden 1910–12 var han ordførar i Porsgrunn. I ei rekke år var han ein sentral figur i næringslivet og i lagsverksemda i byen. Dyring gav også ut handbøker i fjørfeavl og var eit par år redaktør av Dyrenes Ven.

Valbolkane 1895–97, 1906–09 og 1910–12 var Dyring varamann til Stortinget frå Porsgrunn for Høgre. Han møtte i 1896-sesjonen, i delar av 1908-sesjonen og heile 1909, samt i 1912 frå 11. juli. 1896 var han medlem i Justiskomiteen, 1908–09 i Militærkomiteen og 1912 i Lagtinget og Tollkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. Porsgrunns Dagblad, 20. oktober 1945

Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Porsgrunn Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Porsgrunn Kategori:Norske boktrykkarar Kategori:Folk frå Porsgrunn