mini|Fotografi av Patrick Byrne av Hill & Adamson (1845), kalotyp, 203 × 164 mm, Skotsk National GallerySkotske nasjonalgaleri Patrick Byrne or Pádraig Dall Ó Beirn (ca. ) var den siste kjende irske utøvaren av den historiske keltiske harpa, og den fyrste irske folkemusikaren til å bli fotografert.
Liv og karriere Etter Belfast Harp Festival i 1792 blei det gjort ulike forsøk på å gjenoppliva spelet av den irske harpa (irsk Cláirseach). Det blei skipa eit Irish Harp Society i byen og ein harpeskule for unge blinde gutar. Byrne, som blei fødd kring 1794 i Magheracloone sokn i Monaghan County, blei teken inn som elev ved harpeskulen i 1820. Belfast Society registrerte han som utdanna i 1821 «having acquired considerable proficiency on the instrument (60 tunes)».Pádraigín Ní Uallacháin, (2003) A Hidden Ulster – people, songs and traditions of Oriel. Dublin: Four Courts Press Ltd., p. 353.
Han flytta deretter til London og spelte i ulike herskapshus. I 1829 blei han tildelt ein sølvmedalje av Shakespearean Club of Stratford på Avon som anerkjenning for evnene sine. Frå 1837 til 1845 var han basert i Skottland der han spelte for dronning Victoria, og fekk tittel som Irish Harper to Prince Albert.Pádraigín Ní Uallacháin, (2003) A Hidden Ulster – people, songs and traditions of Oriel. Dublin: Four Courts Press Ltd., p. 354.
Då han var i Edinburgh blei han fotografert rundt 1. april 1845 av Hill & Adamson. Serien av kalotypi som blei teken av Hill & Adamson skal vera dei fyrste fotografia av ein harpespelar nokon stad i verda, og dei fyrste av ein irsk folkemusikar. Nokre døme på desse bilda er no ved Scottish National Portrait Gallery.
Byrne vende tilbake til Irland i 1846/47 og blei tilsett som harpespelar av familien Shirley. Han er omtalt i fleire samtidige aviser som ein kjend og omtykt musikar. Ein omtale seier at «He could make the strings whisper like the sigh of the rising wind on a summer eve, or clang with a martial fierceness that made your pulses beat quicker.»Francis O’Neill, (1913) Irish Minstrels and Musicians, p81-82. Edward Bunting samla inn to stykke frå Patrick Byrne, «Nurse Putting the Child to Sleep» og «Rose McWard».Pádraigín Ní Uallacháin, (2003) A Hidden Ulster – people, songs and traditions of Oriel. Dublin: Four Courts Press Ltd., pp.354-355. I tillegg til andre melodiar ein kjenner til at han har spelt er «An Chuilfhionn» og «Brian Boru's March».
I 1855 blei Patrick Byrne æra på eit møte i Shirley Arms Hotel i Carrickmacross og gjeve ein pung med gull donert av innbyggjarane i fødestaden sin.Micheál Mac Diarmada. (2005) Mr. Patrick Byrne – The Blind Irish Harper. The Northern Standard, 14 April, p.40. Han døydde i Dundalk den 8. april 1863 og er gravlagd i Carrickmacross.
Den store innsamlaren av irsk musikk, Francis O'Neill, kalla han «den siste av dei store irske harpespelarane.»Francis O’Neill, (1913) Irish Minstrels and Musicians, p. 82. Då han døydde enda også den gamle stilen med å spela irsk harpe. Eit anna fotografi som blei tatt av Patrick Byrne i seinare år blei publisert i Ulster Journal of Archaeology i 1911. Det finst ikkje dokumentasjon om kven som tok fotografiet eller kva tid og kvar det blei tatt.Keith Sanger & Alison Kinnaird, (1992) – Tree of Strings / Crann nan Teud. Temple: Kinmore Music, pp. 196-197.
Frå 2007 har den lokale avdelinga av Comhaltas Ceoltóirí Éireann organisert ei helg med musikkurs for å æra Patrick Byrne. Festivalen blir kalla Féile Patrick Byrne og blir halden årleg helga før påske i og rundt Carrickmacross.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Patrick Byrne (musician)» frå , den 15. mai 2026.
Kategori:Fødde i 1790-åra Kategori:Irske harpistar