John George Walker () er ein nyzealandsk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 1500 meter i 1976.
Aktiv mini|venstre|portrett|John Walker i 1975.
Sommaren 1973 sett Walker personleg rekord på 1500 m med 3.38,0 ved eit stemne i Helsinki. Eit halvt år seinare, ved samveldeleikane i Christchurch 2. februar 1974, vart han andremann bak Filbert Bayi frå Tanzania på 1500 meter. Bayi fekk tida 3.32,16 og Walker 3.32,54, begge løparane slo den gjeldande verdsrekorden. 30. juli 1975 presterte Walker livsbeste på distansen med 3.32,4 då han sigra i Bislett-leikane med 3.32,4, andremann Lars Martin Kaupang kom i mål på 3.41,1. To veker seinare sette Walker i Göteborg verdsrekord på ei engelsk mile. Rekordtida 3.49,4 stod seg til 17. juli 1979, då Sebastian Coe sprang fortare.
På Bislett stadion den 30. juni 1976 presterte Walker verdsbeste 4.51,4 på 2 000 meter. Og med årsbeste 3.34,1 på 1500 m frå Stockholm veka etter, kom han til dei olympiske sommarleikane i Montreal som favoritt på distansen. Her innfridde han forventingane og tok den olympiske gullmedaljen, eitt tidels sekund føre Ivo Van Damme frå Belgia.
Etter 1980 byrja Walker satse på 5 000 meter. Under dei olympiske leikane 1984 i Los Angeles vart han åttandemann på distansen. Sommaren 1986 sprang han livsbeste 13.19,2 i Cork i Irland. Han la opp i 1990, etter å ha notert seg for 3.37,2 på 1500 m, heime i New Zealand.
Kjelder
Nationen 31. juli 1975 Arbeiderbladet 1. juli 1976 World Athletics
Denne artikkelen bygger på «John Walker (runner)» frå , den 8. juni 2026.
Kategori:Newzealandske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Langdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for New Zealand Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen