mini|Ei Mwaash aMbooy-maske som representerer Woot, den mytiske grunnleggjaren av Kubariket. Kubariket, òg kjent som Bakubariket eller Bushongo, er eit tradisjonelt kongerike i Sentral-Afrika. Riket bløma mellom det 1600- og 1800-talet i området avgrensa av elvane Sankuru, Lulua og Kasai, i hjartet av det som no er Den demokratiske republikken Kongo.

Kubariket var eit konglomerat av fleire mindre bushong-språklege fyrstestatar, og kete-, coofa-, mbeengi- og kasai twa-folk. Dei opphavlege kubafolka migrerte til området frå nord i løpet av 1500-talet. Kongeriket, som framleis eksisterer, omfattar nitten folkegrupper. Det blir leidd av ein konge, eller nim.

Historie mini|Hjelmmaske, mulwalwa, frå sørlege Kuba, frå 1800- eller tidleg 1900-tal. Kongeriket byrja som ei samling av fleire ulike folkegrupper leidde av høvdingar, utan nokon reell sentral autoritet. Kring 1625 tok ein person som kom utanfrå området, kjend som Shyaam a-Mbul a Ngoong, over stillinga til ein av herskarane og samla alle høvdingane under sin leiarskap. Tradisjonen seier at Shyaam a-Mbul var adoptivsonen til ei kubakvinne. Han forlet Kuba-regionen for å finna kunnskap i Pende- og Kongorika i vest. Etter å ha lært alt han kunne frå desse statane, drog han tilbake til Kuba for å danna det politiske, sosiale og økonomiske grunnlaget for riket.

Nytt styre Styresmaktene i Kubariket blei omorganiserte til eit merittbasert tittelsystem, men makta låg framleis hjå aristokratiet. Regjeringa i Kuba blei kontrollert av ein konge kalla nim som tilhøyrde Bushoong-klanen. Kongen var ansvarleg for eit hovudråd av alle Kuba-undergruppene, som var representerte like framfor kongen av sine eliter. Kongeriket hadde ei uskriven grunnlov, valdeleg politisk kontor, skilnad av politiske makt, eit rettssystem med domstolar og juryar, politi, militære, skatt, ein signifikant forsyning av offentlege gode og sosial støtte.

Vekst Kongeriket fekk etterkvart nytte av avanserte teknikkar frå nabofolka, og av plantar innførte frå den nye verda, som mais, tobakk, maniok og bønner. Kuba blei svært rik, og dette førte til at adelen i landet tinga store kunstverk. Kongane i Kuba nytta dei flottaste verka til hoffseremoniar, og blei òg gravlagde med desse gjenstandane.

Kuete M'bogi var herskar av Kuba tidleg på 1700-talet. Under styretida hans utvida Kuba makta si lenger sørover langs Kasai-elva. Denne ekspansjonen fortsette under Koto Nche, som var òg konge av Kuba på 1700-talet.John K. Thornton. History of West Central Africa to 1850 p. 232

Kubariket nådde toppen av makta si på midten av 1800-talet. Europearar kom fyrst til området i 1884. Sidan riket var relativt isolert, blei det ikkje like mykje påverka av slavehandelen som kongerika Kongo og Ndongo ved kysten.

Kultur

Kubakunst Kuba er kjend for broderte raffiatekstilar, -fibrar og hattar dekorerte med perlearbeid, utskorne palmevinkoppar og kosmetikkboksar, men dei er mest kjende for monumentale hjelmmasker, med utsøkte geometriske mønster og dekorasjonar av stoff, frø, perlar og skjel.

Kuba-religion og mytologi Kubafolk trudde på himmelfaren Bumba, som spydde ut sola, månen, stjernene og planetane. Han skapte òg liv saman med jord-mora. Desse var nokså fjerne guddommar, og kubafolk hadde meir umiddelbart samband med eit overnaturleg vesen som heitte Woot, som gav namn til dyra og andre tingSwarthmore article. Woot var den første mennesket og innføraren av sivilisasjonen. Kubafolk blir av og til kalla «barna til Woot».University of Kansas Anthropology site

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kuba Kingdom» frå , den 4. juli 2026.

Kategori:Tidlegare monarki i Afrika Kategori:Tidlegare land i Afrika