Stockton's Wing er eit irsk band som blei skipa i 1977 av fire All-Ireland-kampeonsmusikar; Paul Roche på fløyte, Maurice Lennon på fele, Tommy Hayes på bodhran og Kieran Hanrahan på banjo/mandolin, saman med Tony Callinan på gitar og vokal. Dei har samarbeidd med kjende kunstnarar som Christy Moore og over eit dusin andre musikarar. Stilen til gruppa er blitt skildra som å omfatta «irsk folkemusikk, melankolske balladar, livlege jigar og moderne pop.» Stockton's Wing har opna for artistar som Michael Jackson og Prince.

Songen deira «Over The Moor» er brukt som kjenningsmusikk for Liveline, eit av dei mest populære radioprogramma i Irland.

Namn Bandet tok namnet sitt frå ei linje frå Bruce Springsteen-songen «Backstreets»: Slow dancin' in the dark on the beach at Stockton's Wing, where desperate lovers park to meet the last of the Duke Street Kings.

Tidlege år Dei fem opphavlege medlemmene i gruppa hadde vunne tradisjonsmusikkategorien i ein talentkonkurranse sponsa av Guinness i Limerick. Ei framveksande rockegruppe frå Dublin, U2, som var blitt oppretta berre to år før, vann rockekategorien. Sidan fekk Stockton's Wing kontrakt med Tara Records, som gav ut den sjølvtitulerte debutplata deira i 1978. Denne bestod av tradisjonelle songar.

Tradisjonsmusikken blei raskt blanda med meir samtidige påverknader. Under opptaket av det andre albumet, Take A Chance (1980), tok singer-songwriteren og gitaristen Mike Hanrahan plassen til Tony Callinan. Det nye albumet hadde ein del sjølvskriven musikk, og markerte «komet av ei progressiv kraft i den irske musikkverda.» På Ballisodare Folk Festival møtte dei australske Stephen Cooney som deretter blei med i gruppa med bassgitar og didgeridoo, noko som vidareutvikla lydbildet hennar.

I 1982 gav gruppa ut Light In The Western Sky, med fleire sjølvskrivne songar,og dei hadde suksess med singlane «Beautiful Affair» og «Walk Away». Året etter blei Tommy Hayes erstatta av Fran Breen på trommer, og Peter Keenan kom med på klaver.

I 1984 la Stockton's Wing ut på den fyrste turneen sin i USA. På same tid gav dei ut American Special, ei samleplate på Shanachie Records med eit utval songar frå dei irske utgjevingane til gruppa. Bandet turnerte mykje, og var borte frå studio. I 1985 gav gruppa ut konsertalbumet Stockton's Wing Live - Take One, som var blitt spelt inn i Dublin og Galway. I 2006 blei plata ommastra.

I 1986 gav gruppa ut albumet Full Flight. Det blei følgt av Celtic Roots Revival i 1988. I 1991 tok blei Kieran Hanrahan erstatta av Davey McNevin, medan Fran Breen og Stephen Cooney også forlet gruppa. Stockton's Wing var bandet som spelte på céilíen i Jim Sheridan-filmen The Field frå 1990. Det neste året gjekk gruppa tilbake til Tara Records og gav ut ei samleplate med 20 spor frå dei tre fyrste albuma sine (gjenutgjeve i 2005 som eit bokssett). I 1992 gav gruppa ut The Crooked Rose. I 1995, etter at Eamon McElholm hadde teke over som hovudsongar, gav gruppa ut Letting Go. Musikken deira frå denne tida er blitt skildra som ein nyskapande, «ein slags keltisk yachtrock, ei blanding av Steely Dan med Planxty og The Chieftains med The Doobie Brothers.»

I 2003 kom dei opphavlege medlemmane Paul, Maurice, Kieran og Tommy saman att med Mike Hanrahan for å halda fleire gjenforeiningskonsertar. I 2020 kom Beautiful Affair: A Stockton's Wing Retrospective ut. Bandet turneerte i 2019/2020, og nytta opptak frå to konserter i Ennis og Dublin til albumet Hometown.

Diskografi

Stockton's Wing, 1978 Take A Chance, 1980 Light in the Western Sky, 1982 (sletta) American Special, 1984/85 (sletta) Stockton's Wing Live – Take One, 1985 (sletta, gjenutgjeven 2006) Full Flight, 1986 (sletta) Celtic Roots Revival, 1988 (sletta) The Collection 1991 The Crooked Rose, 1992 Letting Go, 1995 Celtic Collections, 1997 The Very Best of Irish Jigs, Reels & Songs 2005 Live - Take One (re-release) 2006 A Beautiful Affair: A Stockton's Wing Retrospective (2020) Hometown (2022)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stockton's Wing» frå , den 13. juli 2026.

Kategori:Irske folkemusikkgrupper Kategori:Skipingar i 1077