Skriftfolket (arabisk اهل الكتاب, ahl al-kitab) er i Koranen ei nemning på folkegrupper som hadde Guds heilage skrift, det vil seie jødar og kristne. Innan muslimsk tradisjon kan òg andre grupper ha vorte inkludert blant skriftfolket, til dømes parsarar.
Tradisjonelt har islam vist respekt for skriftfolket og hatt toleranse for desse folkegruppene. Jødar og kristne i islamske samfunn har hatt dhimmi-status, det vil seie at dei har hatt krav på vern. Dei har, mot å betale ein særskatt (jizya), vore sikra allmenne rettar utan å måtte konvertere til islam.
Muslimske menn har kunne teke seg koner blant skriftfolket, men ikkje blant heidningane.
Kjelder
Koranen, norsk-arabisk utgåve ved Einar Berg (Universitetsforlaget) Jan Opsal og Arild M. Bakke 1994: Mellom kors og halvmåne (Credo)
Kategori:Islam