Kleivi Næringspark er eit industriområde på grensa mellom Hol og Ål kommune i Hallingdal. Næringsparken vart oppretta i 1970 på initiativ av ordførarane i dei to kommunane. Hovudmålet med utbyggjinga var å halda på ungdommen ved å skapa arbeidsplassar, som området hadde mista etter at kraftutbyggjinga i Hallingdal hadde teke slutt. Fleire verksemder etablerte seg i området, men alle overlevde ikkje.
I næringsparken finn ein desse verksemdene: Hallingdal Renovasjon har eit forbrenningsanlegg her Hallingplast AS, den eldste verksemda i Kleivi som produserar plastrøyr NorMec AS, lagar maskinar for gummiproduksjon Norsk Byggekunst AS Statens Vegvesen har eit oppvarma strøysandlager her Terje Skifte, einmannsverksemd som driv med kjøleteknikk G.G.Agenturer, heimetekstil
kategori:Hol kommune kategori:Ål kommune