Inoússes (gresk Οινούσσες), òg kalla Oinousses eller Aignoussa, er ei berr, lita øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya ligg om lag 5 km frå Khíos og like vest for Tyrkia og har rundt tusen innbyggjarar.

Inoússes er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Khíos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Inoússes 911 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 844 innbyggjarar.

Inoússes har ein skule, ei kyrkje, ein landsby og ei lita hamn. Øya er heimstad til rike familiar som Constantine Lemos.

Byar og tettstader Byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Inoússes 792 844 Kástro 29 54 Aspalathrókambos 5 13

Småøyar i kommunen: Ájos Pandelímonas (0) Arkhondóniso (0) Vátos (0) Gádros (0) Gaidourónisos (0) Malliarópetra (0) Monáftis (0) Nisí Panajás (0) Nisí Píttas (0) Papapondikádiko (0) Pateróniso (0) Pondikonísi (0) Prasonísia (0) Sánda Panajá (0)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oinousses» frå , den 8. august 2007.

Inousses Inousses Inousses Inousses