Arto Kalevi Härkönen () er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar. Han vart olympiameister i spydkast i 1984. Han er 190 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 92 kg.
Härkönen utmerka seg som spydkastar allereie som 18-åring. Han kasta då spydet nesten 83 m som lengst. Året etter flytta han sin personlege rekord til over 85 m, og 20 år gammal forbetra han sitt besteresultat til 90,18 m. I den sesongen fekk han sølvmedaljen i den finske meisterskapen med eit kast på 89,90 m. Sitt einaste finske meisterskap vann han i 1982, same sesongen kom han på 5. plass i EM. Under VM året etter i heimbyen Helsingfors lukkast han ikkje å kvalifisere seg til finalen.
I 1984 var han i sitt livs beste form. Han kasta då som lengst 92,40 m. Ettersom DDR boikotta dei olympiske sommarleikane i Los Angeles, slapp han å møte både den regjerande europameisteren (Uwe Hohn) og den regjerande verdsmeisteren (Detlef Michel). Härkönen vann OL-gullet med eit kast som var nøyaktig like langt som hans bestekast i EM to år i førevegen. I 1985-sesongen hamna han litt bak dei beste finske spydkastarane, og valde å leggje opp.
Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap Europameisterskapen 1982 i Aten: 5. plass, 86,76 m Verdsmeisterskapen 1983 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa (14. plass, 81,42 m) Olympiske sommarleikar 1984 i Los Angeles: Gullmedalje, 86,76 m
Medaljar i finske meisterskap 1979: Sølv, 89,90 m 1982: Gull, 85,94 m
Personlege rekordar og årsbeste År 1976 1977 1978 1979 1980 1981 1982 1983 1984 1985 Lengde (m) 75,88 82,98 85,70 90,18 90,26 91,04 87,80 82,48 92,40 85,80
Kjelder Finsk og tysk wikipedia Tilastopaja OY World Athletics
Kategori:Finske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984