Amy Jade Winehouse () var ein britisk soul-, jazz- og rhythm and blues-songar og låtskrivar. Ho debuterte med albumet «Frank» som selde til platina i 2003, og slo gjennom med hitlåta «Rehab» rundt juletider 2006. Ho gav ut to album; Frank og Back to Black. På Grammygallaen 2008 fekk ho 5 grammyprisar og er dermed den første kvinna frå Storbritannia som har vunne 5 grammyprisar på éin kveld.http://www.amywinehouse.co.uk/
Amy Winehouse levde eit turbulent liv. Ho vart utvist frå Sylvia Youngs teaterskole for born og unge då ho var 16 år, ho vart innlagd på avvenningsklinikk for narkotikamisbruk mange gonger, og ho måtte avlyse mange konsertar på kort varsel, blant anna på Øyafestivalen sommaren 2006.NRK Mykje tyder på at ho hadde bipolar liding, og at alkoholbruken var ei form for sjølvmedisinering.
Amy Winehouse døydde 23. juli 2011 i London, 27 år gammal, og føyer seg inn i fenomenet som rockehistorikarane kallar 27 Club. Det vil seia store musikarstjerner som døydde 27 år gamle, t.d. Jimi Hendrix, Janis Joplin, Kurt Cobain og Jim Morrison.
Studioalbum 2003 - Frank 2006 - Back to Black
Singlar 2003 - Stronger Than Me 2003 - Take The Box 2004 - In My Bed/You Sent Me Flying 2004 - Pumps/Help Yourself 2006 - Rehab 2006 - You Know I'm No Good 2007 - Back To Black 2007 - Tears Dry On Their Own
Referansar
Kategori:Britiske songarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Brit Award-vinnarar