mini|modell av eit USS «Enterprise» stjerneskip frå The Original Series. USS «Enterprise» er namnet på ei rekkje stjerneskip i det fiktive universet Star Trek, skapa av Gene Roddenberry i 1966. Både seriane og filmane refererer til USS «Enterprise» i eintal, ettersom det berre finst eitt skip med det namnet om gongen.

Liste over skip Før federasjonen To romfartøy har bore namnet «Enterprise» før opprettinga av føderasjonen

Registrering: USS «Enterprise» (XCV 330) Klasse: Declaration Teneste: om lag 2130 Kaptein: Ikkje kjent

USS «Enterprise» (XCV 330) vert vist i spelefilmen Star Trek: The Motion Picture som ein illustrasjon saman med illustrasjonar over andre skip kalla «Enterprise». Boka Star Trek Spaceflight Chronology frå 1979 skildrar skipet som det første interstallære skipet av Declaration klassen og starta tenesta i 2123

Registrering: Enterprise (NX-01) Klasse: NX Teneste: 2151 – 2161 Kaptein: Jonathan Archer

Det meste av handlinga i fjernsynsserien Star Trek: Enterprise skjer på USS «Enterprise» (NX-01).

Skip frå The Original Series To skip med namnet USS «Enterprise» vert vist i den originale Star Trek fjernsynsserien og den første til den sjette Star Trek spelefilmen.

Registrering: USS «Enterprise» (NCC-1701) Klasse: Constitution Teneste: 2245 – 2285, Ombygd i 2270. Kapteinar: Robert April (animated series episode), Christopher Pike, James T. Kirk, Matt Decker, Willard Decker, Spock

Det første stjerneskipet til føderasjonen sin stjerneflåte med namnet «Enterprise», er åstaden for den historiske ferda til kaptein James T. Kirk, som tok fem år som vist i den opphavlege Star Trek serien og i teikneserien The Animated Series (2265–2270). To og eit halvt år seinare, vert den ombygde «Enterprise» vist i filmen The Motion Picture, og igjen i The Wrath of Khan, før han vart øydelagd i The Search for Spock.

Registrering: USS «Enterprise» (NCC-1701-A) Klasse: Constitution Teneste: 2286 – 2293 Kaptein: James T. Kirk, Spock Dette skipet vert vist ved slutten av The Voyage Home, og er åstaden for filmane The Final Frontier og The Undiscovered Country, der skipet vert stroke frå tenesta ved slutten av filmen.

Registrering: USS Enterprise (NCC-1701-B) Klasse: Excelsior Teneste: 2293 – rundt 2320 Kaptein: John Harriman, Demora Sulu USS «Enterprise» (NCC-1701-B) vert vist i byrjinga av filmen Star Trek Generations. Den no pensjonerte James T. Kirk vert meldt sakna under jomfruturen. I fylgje fleire Star Trek noveller, tar Demora Sulu over som kaptein, etter Harriman.

The Next Generation Tre skip med namnet Enterprise vert vist i Star Trek: The Next Generation og fire i spelefilmane frå TNG-tida

Registrering: USS «Enterprise» (NCC-1701-C) Klasse: Ambassador Teneste: 2332 - 2344 Kapteinar: Rachel Garrett, Richard Castillo Dette skipet spelar ei større rolle i Next Generation episoden "Yesterday's Enterprise". I fylgje dialog i ein annan episode i serien, vart skipet øydelagt medan det forsøkte å forsvara den klingongske utposten Narendra III frå eit åtak av Romulanarane. Gjerningane frå mannskapet om bord Enterprise vert ein katalystor for alliansen mellom Føderasjonen og det Klingonske Imperiet.

Registrering: USS «Enterprise» (NCC-1701-D) Klasse: Galaxy Teneste: 2363 – 2371 Kaptain: Jean-Luc Picard, William Riker, Edward Jellico Dette skipet er åstaden for hendingane frå The Next Generation fjernynserien. Dette skipet vert øydelagt i spelefilmen Generations. I ei alternativ framtid vert skipet vist fram intakt, men med nokre større modifikasjonar i 2395, i fylgje den aller siste episoden i serien.

Registrering: USS «Enterprise» (NCC-1701-E) Klasse: Sovereign Teneste: 2372 – framleis i teneste (i fylgje år 2380) Kaptein: Jean-Luc Picard Dette skipet er åstad for hendingane i filmane First Contact, Insurrection, og Nemesis.

Dessutan vert det nemnd fleire andre skip med namnet USS «Enterprise», både i seinare framtid og i alternative tidsliner.

Kategori:Star Trek Kategori:Lister